søndag 30. november 2008

Strategiar for læring

Denne veka har me hatt om strategiar for læring, noe eg aldri tenkte mye på då gjekk på skulen. Men eg har jo skjønt at det kan ha mye å sei for utbytte av læringa, og metakognisjon er viktig å ha for å vite korleis ein sjølv lærer best. Ein type strategi for læring blir kalla ”organisasjonsstrategier”, og inneber å lage seg ein oversikt over den kunnskapen ein har. Kunnskapen blir organisert og satt i samanheng med anna kunnskap. Ein kan seie at ein repeterer ting ein allereie kan, og utvidar sine eksisterande skjema med den nye tilegna kunnskapen. Eg har personleg trua på ein slik strategi, fordi ein får sortert kunnskapen, ein ser kva som er relevant og kva som ikkje er det, samtidig som ein lettare kan på ein heilskap i staden for enkeltståande kunnskap. I tillegg er det ein fin måte å repetere gammal kunnskap på. Døme på slike strategiar som blir brukt i skulen i dag er skumlesing, spørsmål til teksten, tankekart og VØL- skjema.


Tankekart har eg sjølv brukt mye i forbindelse med ungdomsskulen og vidaregåande. Det er ein metode som fungerer fint både i fellesskap og individuelt, personleg har eg erfart det brukt mest i fellesskap. Slik får elevane sortert kunnskapen sin, samtidig som ein kan lære noe nytt av dei andre elevane heilt frå starten av. Via samtale i klassen vil dette vere ein aktivitet tilpassa de auditive elevane. Samtidig er det ein god metode for dei som er visuelt anlagt ettersom ein får samla kunnskapen i eit bilde. Ein kan gjere noe kreativt ut av temaet, bruke mange farger og gjere tankekartet til sitt eiget. Dersom ein har tid og plass kan ein og gjere dette til ein aktivitet for dei kinestetiske og taktile der dei får vere i aktivitet og får bruke fingrane. Til døme kan ein lage eit stort tankekart der ein må bevege mye på seg, og som er meir konkret enn eit vanleg kart teikna på tavla eller i boka.

VØL- skjema hadde eg aldri høyrt om før begynte på høgskulen, men det eg har fått høyre om skjemaet har eg oppfatta som positivt. Ideen er at elevane først skal skrive ned det dei kan, deretter det dei har lyst til å lære. Avslutningsvis skal dei skrive ned kva dei har lært om temaet. Det å begynne å repetere og fokusere på det elevane allereie kan, gir både elevane og læraren eit godt utgangspunkt med tanke på å begynne med eit nytt tema. Slik får elevane ein oversikt over kva kunnskap dei allereie sitt inne med, og dei kan knytte ny kunnskap opp mot gamle skjema etter kvart som dei lærer. I tillegg får læraren god innsikt i kor mye elevane kan frå før, og han kan bygge opplegget sitt på allereie eksisterande skjema.

Gjennom delen der elevane kan skrive ned kva dei ynskjer å lære gir ein elevane moglegskapen til å vere med å utforme opplegget for undervisninga. Men eg kan ikkje sjå for meg at det alltid er like lett å vite kva ein ynskjer å lære, i alle fall ikkje for små elevar som ikkje har noen bakgrunn innafor eit heilt nytt emne. Kva dei ynskjer å lære varierer òg frå elev til elev, men det gir læraren eit godt utgangspunkt for å tilfredsstille interessene til elevane. I tillegg gir det god moglegskap til i etterkant å sjå om elevane har nådd måla sine. Her kjem den siste kolonnen inn, der dei skal skrive kva dei har lært. Her får ein ein oppsummering av perioden, og læraren kan sjå på kva som må bli fokusert meir på, samtidig som elevane må tenke over kva dei eigentlig har lært. VØL- skjemaet er eit godt utgangspunkt, og ein slags mediator for læraren, for å kunne gi tilpassa opplæring til elevane sine, og sette fokus på kvar enkelt sitt behov.

Andre typar strategiar for læring er elaboreringsstrategier og repetisjonsstrategier, men desse vil eg ikkje gå så nøye inn på. Strategiar for repetisjon er nok vanleg i skulen i dag, eg veit sjølv at eg brukte slike mye. Spesielt innan matematikk og realfag er det vanleg å pugge formlar, og eg veit sjølv eg brukte ”puggeteknikken” mye i til døme historie. Men det er lite eg husker frå det eg pugga da i dag, så eg har inntrykk av at slik type læring har lett for berre å legge seg i korttidshukommelsen, eller eventuelt langt bak i langtidshukommelsen. Da er det nok betre å forsøke på å gjere stoffet til sitt eiga, eller lage samanhenger til noe kjent, slik som elaboreringsstrategier går ut på. Dersom ein forbinder nye nytt med noe ein allereie kan er det lettare å ta det fram igjen seinare. Det merker eg spesielt godt når eg skal lære meg nye namn, har eg noen kjente med same namnet eg kan knytte dei til er det mye enklare å hugse. Det finnes mange forskjellige strategiar for læring ein kan nytte seg av, men ein må nok berre finne den som passer for seg sjølv, og som lærer er det lurt å nytte seg av fleire forskjellige i undervisninga. Gjennom allsidig undervisning når ein lettare inn til fleire av elevane, enten dei er auditive, visuelle, kinestetiske eller taktile.

3 kommentarer:

Steinar sa...

Dette var verkeleg eit innhaldsrikt innlegg som fokuserer på fleire viktige poeng.

Du er inne på noko interessant omkring VØL-skjemaet. Korleis kan elevena vite kva dei ønskjer å lære? Har du nokre tankar omkring korleis du kan hjelpe dei med dette viktige punktet?

Flott ku, forresten:-)

Aina sa...

Hei Heidi. :)
Det var spennende å lese bloggen din. Det var bra resumert på ulike måter å lære på.
Kas trur du elevane har mest utbytte av? og hvilken trur du elevene selv kommer til å velge?Hvilken velger du?

Hvordan kan me som lærere finne ut hvilken som passer hver elev? :)

Heidi G. sa...

Hei Steinar:)
Eg er faktisk ikkje sikker på korleis VØL-skjemaet eigentleg fungerer ettersom eg aldri har vore borti det før, men kanskje kan ein lærar vere til hjelp ved å finne ut kva dei allereie kan. Det er jo her grunnlaget for den nye kunnskapen ligg. Slik kan ein lærar vere med på å introdusere nye emne som elevane ikkje kan frå før. Ved å informere elevane om kva som inngår i eit emne, dei forskjellige delane, får elevane ein oversikt over kva kunnskap dei KAN tilegne seg, og det må jo vere eit godt utgangspunkt?

Aina:) Takk for positiv tilbakemelding! Eg trur det er umulig for meg å si kva strategi for læring som passer elevane generelt, det varierer jo frå elev til elev. Noen er auditive, andre visuelle og dei lærer best på forskjellige måtar. Eg trur det er viktig som lærar å variere metodane for læring slik at alle elevane får erfaring med kva som passer for dei. Og ein må introdusere elevane for forskjellige metodar. Ein må som lærar bli godt kjent med sine elever, og slik lærer ein etter kvart kva metode som passer for kven.