tirsdag 23. desember 2008

Metakognitive tankar omkring å skriva blogg.

I heile haust har me skreve ein blogg i veka om emne me har hatt om i pedagogikken. Eg har aldri skreve blogg før, så det var ein ny og interessant erfaring. Noen gonger har det vere enkelt å finne eit emne å skrive om, mens andre gonger har eg hatt store problem med å få klora ned noen ord på papiret. Det har vore frustrerande til tider då eg ikkje har hatt tid, lyst eller inspirasjon til å skrive. Men eg veit med meg sjølv at eg har fått mye ut av dei timane eg har via bloggen. Via bloggen har eg kunna gått grundigare inn på emne eg ikkje fekk heilt taket på i timen, eller reflektert og fundert over mine eigne tankar om forskjellige teoriar.

Gjennom bloggen har eg blitt kjent med deler av mitt eiga pedagogiske grunnsyn, samt lært mye om alle dei forskjellige. Eg trur eg vil hugse meir av teorien fordi eg har reflektert over mitt eiga ståstad samtidig som eg har repetert mye av det eg lærte i timen. Via repetisjon vil jo kunnskapen få eit betre feste i langtidshukommelsen. Eg vil si at det å skrive blogg er ein betre måte å ta notat på, ein studieteknikk eg har brukt lenge. Eg har ofte skreve notat til tekster eg har lese på skulen. I bloggen kan eg sette mine eigne ord på vanskelege emne, og eg kan utfordre mine eigne haldepunkt. Slik gjer eg stoffet til mitt eige, og det blir lettare å hugse.

I tillegg har det vore kjempespennande å lese bloggane til dei andre i klassen, og slik har eg òg lært mye. Enkelte gonger klarer medelevane mine å forklare ting på ein betre måte enn bøkane, og slik har eg fått mye ut av å lese dei andre bloggane. Det har ikkje alltid vore like lett å kommentere blogger, noen gonger er det vanskelig å vite korleis ein skal komme med vennlige og samtidig konstruktiv kritikk. I tillegg er det ikkje alltid like lett å svare på kommentarane. Men ein lærer av å svare på desse og, ein må tenke enda meir på områder med emnet ein ikkje allereie har tenkt på.

Eg vil sei eg har fått ganske mye ut av å skrive blogg, sjølv om det til tider har vore frustrerande og tidkrevjande. Gjennom bloggen har eg fått repetert stoffet for andre, tredje og fjerde gong, og slik har eg fått eit godt grunnlag for eksamen. Men no skal det bli godt med juleferie, og ein liten pause frå bloggskriving og skulearbeid.

God jul alle saman:)

1 kommentar:

Steinar sa...

Interessante og absolutt relevante refleksjonar du kjem med her. Lukke til vidare med blogging i året 2009!