onsdag 11. mars 2009

Fleksibilitet


Fleksibilitet, fleksibilitet, fleksibilitet. Eg begynner å sjå ein gjenganger i skulesamanheng. Mest uansett kva emne me er innom blir fleksibilitet nemnt. Fleksibilitet eller improvisasjon, men det er jo litt i same leia meiner eg. Ein lærar må vere fleksibel i forhold til å måtte stille opp som vikar, ein må vere fleksibel i forhold til timane sine (kanskje må me bruke ein time ekstra her?), ein må vere fleksibel i forhold til samtaler med elevane sine, osv. Men ikkje minst er det viktig med fleksibilitet rundt det siste emnet me har lært om, nemlig planlegging og i dei forskjellige planane.

Korleis ville skulen vore om lærarane hadde helt seg til planane sine utan moglegskap for fleksibilitet? I den didaktiske trekanten ser me læraren på toppen, det er tydelig at han skal styre over innhald og elevane. Slik må det òg vere i forholdet mellom læraren og planane. Her er det læraren som skal ha kontrollen. Ein planstyrt lærar vil ikkje være open for forandringar, og slik blir det ingen fleksibilitet i skulekvardagen. Målet blir å komme gjennom planen på den tida som er satt av, og resultatet av det vil fort bli ein lærar som haster gjennom pensum for i alle fall å ”ha vært i gjennom alt”. Da blir undervisninga satt i fokus, og læring blir satt til sides. Men det er viktig å tenke at ein skal ”undervise for læring”, elevane skal ha eit utbytte av undervisninga, målet må vere at dei skal ha lært noe. Da må ein tillate seg å forandre litt på planen, kanskje bruke lengre tid på eit tema enn ein eigentleg hadde satt av. Det er umuleg å berekne akkurat nok tid til alt, det skjer alltid noe uventa ein må ta omsyn til. Ein må vere fleksibel nok til å bruke ekstra tid på det elevane får mye ut av, eller om dei treng meir tid for å få skikkelig tak på stoffet.

Årsplanen er særs viktig i undervisningssamanheng. Det er den som er med på å sørgje for at alle får den same skulebakgrunnen, at skuler i heile landet har det same utgangspunktet. I tillegg blir alle områda i læreplanen dekka gjennom årsplanen. Men sjølv den må vere meint meir som ein rettleiing enn som ein fasit. Årsplanen gir god oversikt over kva emne ein skal igjennom i løpet av heile året, men det må òg vere rom for å legge til sine eigne tema der det er mogleg. Slik kan ein òg ta omsyn til kva interesser elevane har. Ved å ha ein årsplan sikrar ein òg moglegskapen for at vikarar kan komme inn i ei klasse òg utan problem vite kor langt dei skal ha komen i undervisninga. Sjølvsagt kan det vere avvik frå planen, men dei vil sjeldan vere veldig store. Som praksisstudent er det òg ein stor fordel å ha desse planane tilgjengeleg, slik at me òg kan legge opp eit opplegg på førehand. Ofte er det emnar ein må sette seg inn i på nytt, og da er det godt å ha god tid på seg. Eg kjenner meg i alle fall sikrare da. Sjølv om praksisen enda er noen veker unna, kan eg begynne å forberede meg, fordi eg har fått årsplanen i dei fleste faga.


Eg trur òg at elevane vil vise mye interesse dersom læraren er så fleksibel at han lar dei vere med på å utforme planen. Her kan graden av elevinnblanding variere, kanskje er det nok at dei berre får vere med på å bestemme kva tid dei skal ha om kva emne. Slik vil også elevane få eit eigarforhold til planen, og da vil dei kanskje vere meir interessert i å følgje med på han. Elevane vil òg få oversikten og kva emne dei skal igjennom i løpet av året, og i alle fall på dei høgare klassetrinna er det av interesse for mange elever. I tillegg vil det vere emnar der det er mogleg å hente inspirasjon frå elevane sine interesser, og bruke dei i undervisninga. Dersom ein skal skrive forteljing, kan ein ta utgangspunkt i noe elevane brenn for. Skal dei ha om land i Afrika, kan det vere nok å la elevane sjølv velje land dei interesserer seg for. Slik vil ein kanskje kunne skape større motivasjon også.

Så er spørsmålet, bør planen vere fagsentrert eller emnesentrert? Ein fagsentrert plan er nok enklare, fordi ein har større moglegskap til å arbeide aleine. Her kan ein halde seg til dei vanlege timane, og til dei vanlege klasseromma. Ein emnesentrert plan opnar for større samarbeid mellom dei ulike faga, men her held ein kanskje meir på i lengre periodar med same faget. Her må ein tenke på kva fag ein skal involvere, og det vil vere eit større fokus på rammefaktorar. Til døme vil det vere større behov for fleire rom, oftare rekvisittar og mye samarbeid mellom lærarane. Her må dei vere svært fleksible i forhold til kvarandre. Ettersom ein fagsentrert plan er mye enklare å få til, vil eg tru det er han som oftast dukke opp i skulen.

Men eg har òg opplevd innslag av noe meir emnesentrert undervisning, da helst i form av prosjektarbeid. Og eg trur dette er noe alle elever treng innimellom, eg sjølv meiner det er meir interessant enn vanleg undervisning. Her blir ofte timane meir variert, og det blir ein avveksling frå timeundervisning. Så sjølv trur eg nok eg vil følje ein fagsentrert plan med innslag av emnesentrerte periodar innimellom. Og får ein plutselig inspirasjon til eit tverrfagleg prosjekt når ein eigentleg skal ha fagsentrert undervisning, meiner eg at det ikkje er noe i vegen for å prøve å få det gjennomført. Det krev litt meir arbeid, men så lenge ein har moglegskapen og støtte frå andre lærarar er det nok berre spennande. Fleksibilitet handlar om å opne for kreativitet, og å gjennomføre han.

Ingen kommentarer: