søndag 15. mars 2009

Elevsamtalen


Denne veka har me hatt om elevsamtalen og kor viktig denne er. Som lærer er det viktig at ein viser at ein ser eleven, og på ein slik samtale får ein verkeleg via eleven oppmerksemd. Her får eleven eit møte aleine med læraren sin, og han får oppleve at det er han som er sett i fokus. For ein elev er læraren som oftast ein signifikant andre som betyr mye. Kanskje kan læraren òg bli så viktig som eit reserve-familiemedlem. Det kan derfor bety mye for eleven å få eit slikt personleg møte med læraren sin. Så er det òg viktig å hugse på å sjå eleven kvar dag, og ikkje berre basere møta på desse elevsamtalane. Elevsamtaler er nødvendig innimellom for å ta ein grundig samtale der eleven får lov til å forberede seg på kva han vil seie. Men vel så viktig er det å ha kortare eller lengre samtalar kontinuerleg gjennom skulekvardagen. Slik er det enklare å fange det opp dersom eleven går gjennom ein tøff periode, samtidig som eleven verkeleg føler at han blir verdsett av læraren.

I ein elevsamtale trur eg det er fleire ting ein bør tenke på for at eleven skal føle at læraren verkeleg bryr seg. Blikkontakt og kroppsspråk kan vere vel så viktig som det som blir sagt. Ein må vise med heile seg at eleven er viktig, og at ein er interessert i å høyre kva eleven har å seie. Dersom læraren sitt bakoverbøygd og fiklar med telefonen eller til døme ein penn, vil eleven få inntrykk av at læraren har samtalen fordi han må. Målet må vere å signalisere til eleven at han som lærar gjennomfører samtalen fordi han vil og er interessert, og ikkje fordi det er påbydd. Eleven vil ha lettare for å dele sine meir private tankar, og vere meir oppriktig, dersom han ser at læraren er interessert og ser at det han har å fortelje er viktig. Sjølv veit eg ikkje om noe meir provoserande og irriterande enn folk som ser på heilt andre ting mens eg snakkar. Det får meg til å føle meg uinteressant og verdilaus. Slik må ein lærar unngå at eleven kjenner seg. Da vil heile poenget med elevsamtalen vere vekke.

Sjølvsagt er det òg viktig å sette av nok tid til eleven. Her må ein ikkje signalisere at ein helst vil bli ferdig så fort som mogleg. Da trur eg eleven fort vil få ein innstilling som seier at elevsamtaler berre er bortkasta tid. Dermed vil dei heller ikkje sjå vitsen i å dele noe med læraren, fordi han viser at det ikkje er verdt tida hans. Problemet for ein lærar kan jo vere å faktisk ha nok tid til å gjennomføre desse elevsamtalane. Ofte er tida avgrensa, og da kan det vere vanskelig å ikkje vere stressa for å få gjennomført så mange samtaler som mogleg. Lærarar har òg andre ting dei skulle gjort, på lik linje med vanlege menneske!

Me har òg diskutert om desse samtalene kan bli gjennomført andre plasser enn på eit eige rom. Sjølvklart kan det vere elever som opnar seg meir dersom dei er i eit anna miljø, og kanskje kan det vere ein god ide å berre gå ut ein tur. Men eg liker ikkje forslaget om å ha elevsamtalane i klassen mens dei andre elevane arbeider. Kanskje kan ein slik løysning vere med på å spare tid, men kor mange elever vil klare å opne seg skikkelig når medelevane sitt rundt og har moglegskapen til å høyre etter? Sjølv ville eg ikkje ha vært komfortabel i ein slik situasjon. Ein kan aldri sjå heilt bort i frå at det ikkje er noe som høyrer på. Dermed er det òg fare for at andre elever får tak i informasjon dei ikkje skal høyre.

Kanskje noe av det viktigaste i ein elevsamtale er at forholdet mellom lærar og elev er likestilt. Læraren skal ikkje vere den dominerande parten, men vise at det eleven har å seie er like viktig. Eleven må òg få sleppe til og få sagt det han føler han vil seie. Elevsamtalen skal vere ein open dialog der målet må vere at eleven er den som har sagt mest, i mine auger. Læraren er der for å lytte og kommentere, og for å hjelpe eleven vidare i skulegangen. Det er òg viktig at læraren ikkje misbruker makta han har til å manipulere eleven. For eksempel i samtaler om vidare skulegong er det viktig at eleven får komme med sine interesser og ønskjer, og at læraren støtter han i slutninga eleven sjølv tar. Ein lærar skal ikkje avfeie elevens ønskjer heilt og bestemme noe heilt anna for han. Her er det viktig at læraren lyttar til eleven, og ikkje overkjører han heilt.

I Elevsamtalen (Limstrand 2006) står det skrivi at eit tillitsforhold er basert på makt frå den eines side, der ein alltid vil vere i stand til å påverke den andre i positiv eller negativ forstand. Det kjem an på korleis ein utnytter denne tilliten, om ein handlar til den andres beste eller om ein handlar for seg sjølv. Her må en lærer alltid handle i favør av eleven, og oppretthalde livsgleda hos eleven. Dette ligg òg i å unngå negativitet på desse elevsamtalane. Det er lov å snakke om korleis det går faglig sjølv om det går dårleg, men eleven må ikkje bli kritisert slik at det berre er dette han vil huske. Slike møter kan følgje folk resten av livet. Det er viktig å vere sakleg, og at ein gir konstruktiv kritikk på ein fin måte som eleven vil forstå. Berre kjefting og smelling vil ikkje gjere noe godt.

Tillitt mellom lærer og eleven er ein essensiell del av elevsamtalen. Dersom det ikkje er noe tillitt mellom desse to, vil ikkje samtalen ha mye for seg. Poenget med samtalene er at eleven skal få opne seg og seie det han meiner, i tillegg til at han skal kunne få hjelp frå læraren til meir personlege ting. Dette er ting han ikkje vil fortelje læraren om dersom det ikkje er noe tillitt i mellom dei. Slik vil læraren aldri heller få moglegskapen til å hjelpe eleven i vanskelege situasjonar.

Det viktige i ein elevsamtale er å skape ein trygg atmosfære. Slik vil eleven opne seg opp for læraren sin, og han kan få hjelp med problem som plager han. Ein elevsamtale vil bli best mogleg dersom samtala er bygd på gjensidig respekt og tillitt, samtidig som eleven veit at han er trygg i situasjonen. Men me må òg som lærarar hugse på at me ikkje har kompetanse som psykologar, og at det enkelte gonger kjem opp situasjonar som me ikkje kan ta hand om aleine. Det viktige da blir å vite når ein skal dra inn ekstra hjelp, og kor mye ein kan takle på eigenhand. Igjen viser det seg at det å vere lærar er ein vanskeleg jobb!

4 kommentarer:

Hauge sa...

Hei Heidi!
Du har ein flott personleg måte å skriva på, og eg luikar at du tar opp eit argumetn, forsvarer det og kjem med personlege innspel! BRA!

Eg har og sansen for eit velgrunna innlegg, noko du her viser at du meistrar godt. Som eg sa så kjem du med personlege innspel, samt du drar inn både det me har diskutert i klassen, og det du har lese i pensum. Dette viser at du har gjort tema om til ditt eige og at du sorterer ut det du meiner er viktigt.

Om eg hadde hatt eit ønske måtte det vore ein meir konkret måte å utdypa tilliten mellom den signifikante voksne og eleven som du fleire gonger nevner i teksten din. Korleis kan læraren få denne tilliten frå ein elev som ikkje viser tillit? Det er mange elevar som ikkje viser tillit til læraren på det planet som elevsamtalen er meint for, trur eg.. Uansett, dette måtte eg "grava" ut or teksten din! Du har gjort ein god jobb!

Steinar sa...

Innlegget ditt viser at du har eit godt overblikk over ulike sider ved temaet elevsamtale, og det er flott! Det siste du skriv, om grensene mellom læraryrket og psyoklog, er eit viktig skille å vere bevisst og handle deretter.

Du skriv også at det er viktig med ein trygg atmosfære, utanfor klasserommet der dei andre arbeider, korleis ser du for deg at du vil skape ein slik atmosfære?

Heidi G. sa...

Hei Heidi!
Unnskyld og unnskyld igjen for sein kommentar, bloggen har liksom havna lengst bak i hjernen etter praksis, ferie og lesing. Men takk for fin kommentar:)

Jeg har ikke noe konkret svar på spørsmålet ditt tror jeg, man kan ikke kreve tillitt fra folk. Dette er vel noe man bare må jobbe for og faktisk fortjene. Som lærer tror jeg du må vise eleven at du er villig til å høre det han sier når som helst, og vise at du er interessert. I tillegg må man jo være klar på at det som blir sagt ikke blir fortalt videre. Dersom det ikke er noe svært alvorlig så klart. En lærer må være imøtekommende, vennlig, lyttende og ikke minst vise gjensidig tillitt og respekt. Men som sagt, jeg vet ikke om det finnes noe konkret eksempel på hvordan man må oppføre seg. Det må man vel se an eleven tror jeg:)

Heidi G. sa...

Hei Steinar!
Det med å skape en trygg atmosfære for en slik samtale tror jeg er veldig viktig for at eleven skal klare å åpne seg skikkelig. Hvordan man skal gjøre dette tror jeg må bli litt opp til eleven også. De er alle så forskjellige og føler seg trygge på forskjellige ting. Noen vil helst ha folk i nærheten, mens andre heller vil være alene under slike samtaler. Det viktigste er nok å følge med på om eleven føler seg ukomfortabel, og heller spørre eleven hva som må til for at han føler seg mer trygg. Det er viktig at læreren viser at han er interessert, og at han er der for eleven. I tillegg er det viktig å ha en god tone med eleven og å være avslappet selv. Hyggelig småprat kan være vel så viktig som de "store" samtalene. Det viktigste er i alle fall å lytte til elevens ønsker og etterkomme disse, til en viss grad i alle fall! Tror jeg:)