
Denne veka har me hatt om elevsamtalen og kor viktig denne er. Som lærer er det viktig at ein viser at ein ser eleven, og på ein slik samtale får ein verkeleg via eleven oppmerksemd. Her får eleven eit møte aleine med læraren sin, og han får oppleve at det er han som er sett i fokus. For ein elev er læraren som oftast ein signifikant andre som betyr mye. Kanskje kan læraren òg bli så viktig som eit reserve-familiemedlem. Det kan derfor bety mye for eleven å få eit slikt personleg møte med læraren sin. Så er det òg viktig å hugse på å sjå eleven kvar dag, og ikkje berre basere møta på desse elevsamtalane. Elevsamtaler er nødvendig innimellom for å ta ein grundig samtale der eleven får lov til å forberede seg på kva han vil seie. Men vel så viktig er det å ha kortare eller lengre samtalar kontinuerleg gjennom skulekvardagen. Slik er det enklare å fange det opp dersom eleven går gjennom ein tøff periode, samtidig som eleven verkeleg føler at han blir verdsett av læraren.
I ein elevsamtale trur eg det er fleire ting ein bør tenke på for at eleven skal føle at læraren verkeleg bryr seg. Blikkontakt og kroppsspråk kan vere vel så viktig som det som blir sagt. Ein må vise med heile seg at eleven er viktig, og at ein er interessert i å høyre kva eleven har å seie. Dersom læraren sitt bakoverbøygd og fiklar med telefonen eller til døme ein penn, vil eleven få inntrykk av at læraren har samtalen fordi han må. Målet må vere å signalisere til eleven at han som lærar gjennomfører samtalen fordi han vil og er interessert, og ikkje fordi det er påbydd. Eleven vil ha lettare for å dele sine meir private tankar, og vere meir oppriktig, dersom han ser at læraren er interessert og ser at det han har å fortelje er viktig. Sjølv veit eg ikkje om noe meir provoserande og irriterande enn folk som ser på heilt andre ting mens eg snakkar. Det får meg til å føle meg uinteressant og verdilaus. Slik må ein lærar unngå at eleven kjenner seg. Da vil heile poenget med elevsamtalen vere vekke.
Sjølvsagt er det òg viktig å sette av nok tid til eleven. Her må ein ikkje signalisere at ein helst vil bli ferdig så fort som mogleg. Da trur eg eleven fort vil få ein innstilling som seier at elevsamtaler berre er bortkasta tid. Dermed vil dei heller ikkje sjå vitsen i å dele noe med læraren, fordi han viser at det ikkje er verdt tida hans. Problemet for ein lærar kan jo vere å faktisk ha nok tid til å gjennomføre desse elevsamtalane. Ofte er tida avgrensa, og da kan det vere vanskelig å ikkje vere stressa for å få gjennomført så mange samtaler som mogleg. Lærarar har òg andre ting dei skulle gjort, på lik linje med vanlege menneske!
Me har òg diskutert om desse samtalene kan bli gjennomført andre plasser enn på eit eige rom. Sjølvklart kan det vere elever som opnar seg meir dersom dei er i eit anna miljø, og kanskje kan det vere ein god ide å berre gå ut ein tur. Men eg liker ikkje forslaget om å ha elevsamtalane i klassen mens dei andre elevane arbeider. Kanskje kan ein slik løysning vere med på å spare tid, men kor mange elever vil klare å opne seg skikkelig når medelevane sitt rundt og har moglegskapen til å høyre etter? Sjølv ville eg ikkje ha vært komfortabel i ein slik situasjon. Ein kan aldri sjå heilt bort i frå at det ikkje er noe som høyrer på. Dermed er det òg fare for at andre elever får tak i informasjon dei ikkje skal høyre.
Kanskje noe av det viktigaste i ein elevsamtale er at forholdet mellom lærar og elev er likestilt. Læraren skal ikkje vere den dominerande parten, men vise at det eleven har å seie er like viktig. Eleven må òg få sleppe til og få sagt det han føler han vil seie. Elevsamtalen skal vere ein open dialog der målet må vere at eleven er den som har sagt mest, i mine auger. Læraren er der for å lytte og kommentere, og for å hjelpe eleven vidare i skulegangen. Det er òg viktig at læraren ikkje misbruker makta han har til å manipulere eleven. For eksempel i samtaler om vidare skulegong er det viktig at eleven får komme med sine interesser og ønskjer, og at læraren støtter han i slutninga eleven sjølv tar. Ein lærar skal ikkje avfeie elevens ønskjer heilt og bestemme noe heilt anna for han. Her er det viktig at læraren lyttar til eleven, og ikkje overkjører han heilt.

I Elevsamtalen (Limstrand 2006) står det skrivi at eit tillitsforhold er basert på makt frå den eines side, der ein alltid vil vere i stand til å påverke den andre i positiv eller negativ forstand. Det kjem an på korleis ein utnytter denne tilliten, om ein handlar til den andres beste eller om ein handlar for seg sjølv. Her må en lærer alltid handle i favør av eleven, og oppretthalde livsgleda hos eleven. Dette ligg òg i å unngå negativitet på desse elevsamtalane. Det er lov å snakke om korleis det går faglig sjølv om det går dårleg, men eleven må ikkje bli kritisert slik at det berre er dette han vil huske. Slike møter kan følgje folk resten av livet. Det er viktig å vere sakleg, og at ein gir konstruktiv kritikk på ein fin måte som eleven vil forstå. Berre kjefting og smelling vil ikkje gjere noe godt.
Tillitt mellom lærer og eleven er ein essensiell del av elevsamtalen. Dersom det ikkje er noe tillitt mellom desse to, vil ikkje samtalen ha mye for seg. Poenget med samtalene er at eleven skal få opne seg og seie det han meiner, i tillegg til at han skal kunne få hjelp frå læraren til meir personlege ting. Dette er ting han ikkje vil fortelje læraren om dersom det ikkje er noe tillitt i mellom dei. Slik vil læraren aldri heller få moglegskapen til å hjelpe eleven i vanskelege situasjonar.
Det viktige i ein elevsamtale er å skape ein trygg atmosfære. Slik vil eleven opne seg opp for læraren sin, og han kan få hjelp med problem som plager han. Ein elevsamtale vil bli best mogleg dersom samtala er bygd på gjensidig respekt og tillitt, samtidig som eleven veit at han er trygg i situasjonen. Men me må òg som lærarar hugse på at me ikkje har kompetanse som psykologar, og at det enkelte gonger kjem opp situasjonar som me ikkje kan ta hand om aleine. Det viktige da blir å vite når ein skal dra inn ekstra hjelp, og kor mye ein kan takle på eigenhand. Igjen viser det seg at det å vere lærar er ein vanskeleg jobb!