onsdag 25. februar 2009

Vurdering


I det siste har me lært mye om vurdering, eit emne eg har sett fram til å begynne med lenge. Sjølv føler eg at vurdering er noe av det vanskelegaste med å arbeide som lærar. Når ein skal gi konstruktiv tilbakemelding eller framovermelding må ein passe på å pakke dei inn på ein best mogleg måte. Alle reagerer forskjellig på kritikk, om han er konstruktiv eller berre for å såre, og ein kan aldri heilt tenke seg korleis eit anna menneske reagerer på slik tilbakemelding. Eg har i fleire samanhengar nemnt kor viktig det er for ein lærar å kjenne elevane sine skikkelig, og det gjeld og å vite korleis dei tek kritikk. Noen tåler det betre enn andre. Dermed blir det viktig å ikkje berre fokusere på det negative, men og prøve å dra frem det som er bra med elevarbeidet.

Som regel er det vel ikkje eit stort problem å fokusere på det positive i produktet. Eg veit med meg sjølv at eg har lett for å fokusere for mye på det som er bra, fordi eg er redd for å gjere andre sure eller lei seg. Men her kjem poenget med feed-back og feed-forward inn. Ein kan ikkje berre fokusere på det eleven har gjort, om det er bra eller dårleg, men det er òg viktig å gi eleven framovermelding om kva dei kan gjere betre neste gong. Elevane treng noe å strekke seg mot. Her er det viktig å komme med konkrete tips, slik at eleven forstår kva dei må arbeide med, og korleis dei kan bli betre. Det kan vere enkelt å komme med mange tips til ein svak eller middels god elev, men det er like viktig å gi flinke elever noe å strekke seg mot. Også dei bør få konstruktiv kritikk dei kan arbeide mot, slik at dei kan strekke seg enda lengre neste gong.

Ros er viktig for at eleven skal føle seg verdsett, men ein må som lærar vere forsiktig med kva type ros ein gir. Me har diskutert mye i klassen kor mye verking ugrunna ros har på folk, og dei aller fleste er nok einige om at rosen er til meir hjelp dersom han er godt grunna. Det er lett å fortelje elevane kor flinke dei er eller kor godt produkt dei har lagt, men problemet er å grunngi kva som er bra. Einkvar føler seg vel når dei får ros, eg har trua på at spontan ros kan gjere dagen betre for dei fleste. Men i skulesamanheng er det viktig at elevane får vite kva dei gjer rett. Da får dei døme på kva dei kan fortsette å gjere til neste gong. Utan grunngjeving vil dei ikkje ha eit konkret eksempel på kva dei bør forsette med til neste gong. Eit eksempel på ein kommentar eg har høyrt i løpet av min eigen skulegong er: ”Dette var bra! Neste gong kan du gjøre det enda betre!” Her har eleven fått skryt, og han har fått beskjed om å utvikle seg til neste gong, men han har ingen aning om kva som var bra og kva som kan bli betre. Det er òg tilfelle med sekserelevar som ikkje får anna kommentar enn, ”her har du skreve ein kjempegod tekst”. Ein slik kommentar gir ikkje eleven noe å utvikle seg på, han får følelsen av at han ikkje kan bli betre. Dermed stopper utviklinga opp, men alle har alltid moglegskapen til å bli betre.

På det siste blogginnlegget skulle me prøve ein metode for tilbakemelding kalla ”two stars and a wish”. Poenget med denne metoden var å gi to tilbakemeldingar på kva som var bra i teksten, med grunngjeving, og eit ønske for kva dei bør arbeide med til neste gang. Metoden fungerte fint for min del, eg har stor trua på å balansere rosen og risen i rosen sin favør. Sjølv føler eg òg at det er viktig å begynne med rosen, slik at eleven får følelsen av å lykkes, og ein kan opparbeide ein god sjølvkjensle. Eg trur at dersom ein begynner med kritikken vil elevane fort miste motet til å lese vidare, og ein vil fort bryte dei ned. Det kan føre til at eleven ikkje tar til seg rosen som står på slutten, fordi han er så nedbrote over det han har gjort feil. Ein slik tilnærming kan òg føre til at eleven ikkje har mot til å lese heile meldinga, og da vil han heller ikkje få med seg rosen. Poenget med heile metoden vil da vere borte.

Ein annen viktig ting for å unngå at elevane heilt mister motet, er å ikkje fargelegge heile teksten rød. Sjølv synes eg at raud penn bør bli forbydt i retting i skulen, men om rettinga er raud eller blå er poenget at ein ikkje treng å ta omsyn til alle feil på ein gong. Tilbakemeldinga bør ha fokus på måla for arbeidet, både på ros og ønske. Slik vil òg feila i forbindelse med måla vere dei viktigaste å fokusere på. Andre feil kan vente til neste gong. Slik vil ein unngå at eleven får alle feila midt i fleisen, og blir motlaus av alt arbeidet som ligg i rettinga. Det er viktig å ikkje bryte ned eleven med for mye negativt på ein gong. Ein har tross alt ganske mange år på skulen der ein skal lære seg til døme rettskriving, og da kan ein med fordel fordele fokuset frå gong til gong. Slik unngår ein at eleven blir heilt utbrent.

Vurdering er eit ekstremt viktig område i skulen, og det å gi skriftlig tilbakemelding kan vere ein stor utfordring, i alle fall for meg. Men det viktigaste å hugse på er nok å blande ris og ros, gi personlege, konkrete tilbakemeldingar og å sette fokus på måla for kva periode. I tillegg trur eg at ein samtale med eleven etter den skriftlige tilbakemeldinga er særs viktig, om det berre blir ein liten samtale ved pulten eller ein elevsamtale med kvar enkelt. Slik kan ein oppklare misforståingar og tydeliggjere tipsa til neste gong.

3 kommentarer:

Geoff sa...

Veldig velskrevet blogginnlegg Heidi. Jeg og hadde sett fram til å jobbe med vurdering som tema.

God eksempler og forklaring om ros. Eg tror de fleste av oss har fått en slik kommentar. Eg husker ikke hva eg tenkte om det når eg var yngere. Kanskje vi kan faktisk spør en elev om dette når vi er ute i praksis.

God begrunnelse for å skrive om det positiv før det negativ (eller der som var mindre bra). Dette er vel like viktig for eldre elever, ikke bare for unger. Det er sikkert en del om hvorfor det spør etter TO stjerner og bare en ønske.

Eg må virkelig leter etter et ønske her. Du snakket om hvordan alle reagere forskjellige på kritikk. Kan du si noe om hvordan en vurdering kan tilpasses til både "svake" of "sterke" elever slik at begge ville ha lyst å gjør bedre neste gang?

Heidi G. sa...

Takk for tilbakemeldingen Geoff:)
Jeg tror det er et godt tips å spørre elevene selv om hva de synes om forskjellige kommentarer. Kanskje de har noen tips å gi til oss også!

Jeg tror at man bare må være forsiktige når man kommenterer. Det er viktige at de er klare og ikke for kritiske. De må ikke føles som kritikk, men som hjelp! Ellers tror jeg at man må ta hensyn til hvordan hver enkelt elev reagerer på tilbakemelding, man kan ikke bare tenke på om dette er en sterk eller svak elev. Det viktigste er å ta hensyn til elevens reaksjonsmåte og ikke nødvendigvis nivå. Hvis du skjønner hva jeg mener. En sterk elev kan ta kritikk på en dårligere måte enn en svak elev. Uansett, være konkret og saklig, og ikke være krass tror jeg er viktig. En lærer skal aldri være "ekkel"! Og ironi og sarkasme er uaktuelt i en tilbakemelding. Så tror jeg at det er viktig å i alle fall gi en kort muntlig kommentar i tillegg, kanskje med et lite smil? Kroppsspråk sier jo masse;)

Steinar sa...

Du får fram fleire viktige poeng i denne teksten. Blant anna at ein ikkje kan vurdere alt på ein gong. Det kan gjere både lærar og elev utbrent på ein-to-tre.

Flott at du også poengterer den munnlege delen av tilbakemeldinga! Den er svært viktig og kan hjelpe eleven til å forstå grunnlaget for vurderinga, og vegen vidare.

Skriftleg tekst har heilt klart sine avgrensingar, kanskje spesielt når det gjeld eit så "touchy" tema som vurdering. Har du tankar eller eksempel omkring det?