søndag 1. februar 2009

Konstruksjonsprosjekt - bruer

Eit konstruksjonsprosjekt om bruer? Jaha, tenkte eg, da kan eg i alle fall lære noe nytt! Og det gjorde eg jo. I løpet av desse vekene har eg lært ganske mye om bruer, forskjellige typar, kva dei består av og fordeler og ulemper med dei fleste. Eg kan sei kva type bru eg køyre over og kva laster ein må tenke på når ein skal planlegga ei bru. Men eg har ofte lurt på kor relevant det eigenleg har vore for utdanninga mi, og korleis det kom til å gå i praksis når eg sjølv ikkje heilt såg poenget med akkurat bruer. Å konstruere ein skule for framtida virka for meg som ein betre oppgåve gitt til studentar på lærarskulen. Så kom eg på eit av måla med dette konstruksjonsprosjektet, nemleg det å fremme entrepenørskap. Kanskje var det ikkje så dumt med bruer likevel da? Bruer er jo ein særs viktig del av menneskas liv, dei er eit hjelpemiddel til kontakt og kommunikasjon. Dei gjer kvardagen enklare for oss alle, noe me pendlarane frå Haugesund opplev kvar dag. I eit prosjekt om konstruksjon og design er bruer ein konstruksjon det er lett å ta utgangspunkt i fordi dei er så nære og viktige for oss. Dei finnes over alt. Og blir ein først oppmerksam på kor forskjellige alle bruene me omgir oss med er, blir dei med eit meir interessante. Kanskje har me gjennom dette prosjektet klart å få elevane interesserte i å konstruere, ikkje berre bruer, men generelt, og da har me jo nådd det eine målet da!

Før me begynte med prosjektet var det ganske få av oss som eigentleg visste noe anna om bruer enn at me passerte ein kvar dag på veg til skulen. Dermed var det ingen vits i å sette i gong med planlegging og bygging utan ein innføring i brua sin komplekse verden. Personleg lærte eg mye av presentasjonen av Merethe, og eg vart meir engasjert i prosjektet etter å forsøkt å lage ein hengebru i stor skala. Overraskande nok vart me raskt samde på gruppa om at me ville lage hengebru, vegen heim gikk nok mest med på å arbeide med sjokket over at me alle var einige. Men me rakk òg å planlegge kva material me skulle nytte oss av, og kven som skulle ta med kva neste morgon. Så gjekk me i kvar vår tenkeboks og byrja arbeidet dagen der på.
Sjølve bygginga gjekk ikkje akkurat som me trudde, me var ved godt mot etter å ha høyrt på skulen at sjølve bygginga berre ville ta ”nokre timer”. ”Da blir me vel ferdige i dag da” – tenkte me. Dagen gjekk den, slik som den neste og dagen etter det igjen. Heldigvis for oss er me ein munter gjeng som aldri gir opp og alltid er snille med kvarandre! Slik ville det i alle fall vore i ein eventyrverden. I den verkelege verda er det ikkje like rosenrødt, men med mye god mat og eit lite slag ”Carcassonne” klarte me så vidt å ikkje gå frå vettet alle mann. Etter å ha samla inn dei materiala me trudde me trengte gjekk me på internett for å søke etter inspirasjon. Her fann me eit interessant bilde fort som ei flue, og me bestemte oss for å la oss inspirere av ”Clifton suspension bridge” i England. Her skulle me vere originale tenkte me. Det viste seg jo fort at det var andre som òg hadde vore originale, til vår store skuffelse.

Utan noen bruksrettleiing på å bygge bru måtte me berre prøve oss fram, og det meste gjekk overraskande bra. Det største problemet var nok vegbanen me skulle lage av fyrstikker. Å få fyrstikker til å sitte godt på tape var ikkje så lett som me hadde trudd, og det var heller ikkje lett å hempe fleire fyrstikk-vegdeler saman. Men med kløkt og tålmod, samt fleire kompromiss, fekk me til slutt hengt vegbanen på. Og etter fleire kompromiss, eit par nesten – kranglar og rundt 10 timar, sto den vakre brua vår ferdig. Da tålte den Borghild sin leik og ein halv liter øl, sjølv om ein bowlingbag vart for mye. Eg trur me lært mye om overtalsmakta og kompromiss i løpet av denne delen av prosjektet, og kor godt me eigentleg samarbeide. Me var saman om omtrent alt, sjølv om ikkje alle var like aktive til alle tider. Når ein held på så lenge med eit prosjekt er det umogleg at alle kan vere like glade og energiske heile tida. Men mens ein tok seg ein velfortent pause jobbe dei to andre vidare. Så eg føler at alle kan stå like mye for det produktet som sto ferdig. Me var så opptekne av bygginga at me ikkje tenkte på å sjekke fronter, me var derfor ganske overraska da me kom på skulen på fredagen og fekk vite at framføringa ikkje var før på måndagen. Litt irriterte på oss sjølve vart me jo, men me fekk nytta tida på skulen til å begynne med tekstane våre. Da måndagen kom, og me skulle ha framføring var me nok litt dårlig forberedt på kva me skulle seie, men eg trur me klarte å svare greitt på dei spørsmåla me fekk.


I tillegg til å bygge brua skulle me skrive ein fagtekst, ein bruksrettleiing og eit undervisningsopplegg. Eg har aldri hatt sansen for å skrive tekstar i lag med andre, det er vanskelig å skrive ein felles tekst når tre personar har forskjellig skrivestil. Derfor fordelte me oppgåvene slik at alle hadde sin del å arbeide med. Men me samarbeida og hjelpte kvarandre, og det var ingen som ikkje gjorde sin del. Noen arbeida sjølvsagt fortare enn andre, men eg trur ikkje at noe av oss føler dei har gjort meir enn sin del. Eg jobba mest med bruksrettleiinga, og eg var overraska over kor vanskelig det eigentleg var. Å skrive ein rettleiing til eit produkt ein laga litt på måfå er ikkje lett, og den vart heller ikkje i same rekkefølgje som me laga brua i. Me ville ha ein rettleiing som var enkel å bruke både for dei litt mindre og dei vaksne, så me hadde enkle beskrivingar med steg-for-steg teikningar til. I fagteksten skrev me kvar vår del, og me forsøkte å gjere språket forståeleg for ein 7.klassing som var målgruppa vår.

Undervisningsopplegget diskuterte me i lag, mens ansvaret for å skrive teksten vart gitt til Borghild fordi det var ho som hadde best tid. Da me var på fellesmøte på praksisskulen vår kom rektor med eit forslag til oppgåve som me syntes var ein god oppgåve å gje til klassen vår. I lang tid har det vore mye snakk om å bygge ei bru over til Vibrandsøy, og ettersom det var noe som låg elevane nær ville me ta utgangspunkt i dette. Da håpte me at elevane ville bli svært engasjerte og at dei følte det var ein oppgåve som var knytt opp mot verkelegheita. Me ville begynne med ein innleiing om bruer slik me fekk på skulen, slik at elevane skulle lære det grunnleggande. Deretter ville me at dei skulle få planlegge brua over til Vibrandsøy, diskutere kva bru dei ville lage, samt tenke på fordeler og ulemper og korleis livet ville bli påverka. Dei skulle og få tenke på kva målestokk dei måtte bruke, kor stor brua ville bli i verkelegheita, og kva øya skulle vere brukt til. Etterpå ville me at dei skulle lage brua si. Men etter framføringa på skulen kom me fram til at det kanskje ikkje vart tid til alt. Dermed vart deler av opplegget forandra. I staden for å lage si eiga bru fekk elevane i oppgåve å bygge ei fagverksbru slik som me gjorde på skulen, berre av fyrstikker og plastilina. Etterpå skulle dei begynne planlegginga av bru til Vibrandsøy, men dei skulle teikne i staden for å bygge ho. Me vurderte ikkje eingong at elevane skulle få prøve seg på å bygge vår bru, det hadde tatt alt for lang tid, og me ville at elevane også skulle lære noe i stede for berre å kopiere.

Før framføringa for klassen var eg særs nervøs. Eg vart ikkje mindre nervøs da me begynte med tekniske problem, men dei løyste seg, og resten gjekk greitt.
Ute i praksis begynte ikkje dagen stort betre enn på framføringa, tekniske problem! Sida korkje eg eller Borghild er noen tekniske ekspertar tok det litt tid å komme i gang, men me klarte oss bra, og elevane fekk litt tid å summe på. Me skulle ikkje berre ha vår eigen klasse, men parallellklassa òg. Det var litt skummelt for to lærarstundetar å stå framfor to 7.klasser åleine, men me kom nok styrka ut av det begge to. Det var godt å bevise for seg sjølv at me kunne klare ein slik forsamling. Sjølve innleiinga vart nok litt i lengste laget for elevane som såg ut til å kjede seg litt, men dei høyrte etter og var rolege heile timen. Allereie etter innleiinga låg me etter på tidsskjemaet, men det var noe me hadde rekna med, så vi hadde rekna god tid på slutten. Da me presenterte oppgåve viste det seg at noen av elevane var betre opplyst om Vibrandsøy-saken enn me var. Ein hadde lest i avisa same dagen at planane om ei bru var lagt på is, og det satt oss litt tilbake. Sjølvsagt syntes elevane det var litt dumt å skulle planlegge ei bru som det aldri kunne bli noe av. Men dei fleste gløymde det litt da dei fekk sette i gong med neste del av opplegget.

Dei fekk i oppgåve å lage ei fagverksbru i plastilina og fyrstikker, slik me gjorde på skulen med cocktailpinner og erter. Sjølv syntes me det var vanskeleg å få pinnane til å sitte saman i ertane da dei sprakk, så me ville prøve med plastilina i staden for. Men det viste seg fort at det ikkje var så mye enklare å få den til å feste seg i fyrstikkene. Først fekk dei prøvd seg med å lage firkantar og trekantar for å sjå kven av dei som var mest stabil. Dei fant fort ut at trekantar var mest stabile og forsto kvifor fagverksbruene består av trekantar. Problemet for elevane viste seg å forstå korleis dei skulle få trekantane til å sitte saman til ei bru. Noen begynte til min overrasking å bygge hengebru, og dei fekk det til på eit vis. Det som var vanskeleg var å få alle til å delta, fleire av elevane satt berre og lekte med plastilinaen og forsto ikkje heilt poenget med å bygge bru. Men dei fleste hadde det moro, og alle gruppene fekk laget eit slags produkt. Det var artig å høyre kor stolte dei var av bruene sine, og det var uaktuelt å øydelegge dei etterpå, så me laget plass til det på kateteret. Dei fleste elevane var engasjerte og var ikkje klare for å avslutte da me måtte gå vidare med opplegget vårt. Hadde dei fått viljen sin hadde me nok lekt med plastilina heile dagen.

Hovuddelen av opplegget vårt var sentrert rundt planlegging av ei bru til Vibrandsøy. Oppgåva besto av å bestemme kva type dei mente passet best med tanke på trafikken rundt øya, kor dei ville plassert brua og kor stor den ville bli i verkelegheita, samt kva laster og krefter den ville bli utsett for. I tillegg skulle dei tenke på kva dei ville bruke øya til og korleis ei bru ville påverke øya slik den er i dag. I begynninga var det vanskeleg å få elevane konsentrerte nok til at dei fekk med seg kva dei skulle gjere. Dei var nok framleis litt opptekne av brua dei hadde laget. Men dei kom godt i gang med planlegging, og dei fleste ble fort einige om kva type bru dei ville lage. Mange av gruppene ble einige om at vippebru var den beste løysningen på grunn av alle båtane i området. Også plasseringa gjekk bra ettersom dei fleste er godt kjende på Hasseløy, og dei forsto at det beste var ei kortast mogleg bru.

Da dei skulle begynne å teikne brua var det mange som hadde spørsmål om korleis ei vippebru eigentleg såg ut. Hadde vi vært forberedt på det hadde me kanskje hatt me oss bilete av dei forskjellige brutypane, men eg teikna og forklarte, og dei forsto ganske fort kva ein måtte ha med på ei vippebru. Dei teikna fleire fine teikningar, og forklarte korleis dei fungerte og kva dei var laga av. Me tok kvar vår klasse, og eg gjekk mellom dei forskjellige gruppene og hjelpte til der det var nødvendig. Eg fekk òg snakka med dei om kva dei hadde planlagt, og det var interessant å høyre kva planer dei hadde for øya. Mesteparten var nok berre fantasi, hadde dei fått viljen sin ville det vore både dyrehage, hotell og fornøyelsesplass på Vibrandsøy i tillegg til fotballbaner og symjehall. Elevane forberedte seg til framføring med å gå gjennom punkta og skrive ned kva dei skulle si. Men dei var ikkje heilt klar over at dei skulle framføre for begge klassene, dei vart nok litt sjokkert da dei fekk det med seg. Dei er vant med å framføre for sin eigen klasse, men ikkje for to klasser på ein gong.

Det var ingen som eigentleg ville begynne å framføre, så me viste litt makt, og fekk dei bestemt opp på tavla. Det ble ein del tull frå alle gruppene, dei var nok nervøse og forsøkte å tulle det bort. Ikkje alle sa noe, men dei svarte på spørsmåla så godt dei kunne. Dei hadde ikkje så mye å seie på kvart punkt, men det er grenser for kor mye ein lærer av ein framføring slik me hadde. Eg trur heller ikkje alle var heilt vakne i løpet av timen. Kanskje hadde det vore betre om me hadde laget fleire og klarere punkt, nokre av dei var kanskje ikkje konkrete nok. I staden for at elevane presenterte alt sjølve ville dei at me skulle lese punktane for dei og at dei svarte. Det fungerte bra, og eg trur elevane syntes det gjorde det lettare å framføre. Framføringane gjekk fort, og etterpå delte me klassane igjen for å ta ein liten oppsummering av dagen. Begge klassene var fornøgde med dagen, det var betre enn ein vanleg skuledag. Noen sa dei hadde hatt det litt kjedelig, og spesielt innleiinga var det kjedelege. Det dei syntes var mest moro var å jobbe med plastilinaen, men at det var dumt den ikkje satt skikkelig. Mange av dei ville og ha laget ein skikkeleg bru slik me hadde gjort, og dei var skuffa over at dei ikkje fekk lage ein modell av brua til Vibrandsøy. Men elevane var stort sett glade og fornøgde, og enda gladare vart dei da dei fekk gå eit kvarter før.

Heile prosjektet har vore ein utfordring både for våre kunstnariske evner, evner til å samarbeide og utholdenhet. Som eg skreiv i innleiinga skjønte eg ikkje heilt poenget med eit heilt prosjekt om bruer, men eg har lært mye, og kan ikkje lenger køyre over ei bru utan å legge merke til kva bru det er. Det at me måtte lage vår eigen bru har lært meg om prosjektarbeid, og kor omfattande det kan vere. Eg har og lært at det kan vere ein fordel å begynne å planlegge litt før ein begynner å bygge bru. Me prøvde oss fram i staden for å lage ei skisse, og me brukte lang tid på det. Kanskje hadde det gått fortare dersom me hadde planlagt på førehand. Samarbeidet vårt har òg vore satt på prøve, men me har lært oss å inngått kompromissar, noe som er veldig viktig når ein er i ei gruppe. Det er òg noe som er viktig i prosjektarbeid på skulen, og noe eg kan lære vidare til elevane.

Hovudgrunnen til at me ikkje valte å gjennomføre ein slik konstruksjon i klassen var at det ville ta for mye tid. Vi ville ikkje hatt nok tid på ein dag til at elevane skulle få lage ein slik modell. Elevane uttrykte at dei syntes det var dumt dei ikkje fekk lage sin eigen modell, men eg tviler på at dei hadde fått noe særlig ut av det. Dei hadde nok hatt det moro, men dei ville ikkje lært like mye. Me ville at dei òg skulle lære litt om bruer og at dei skulle få bruke kunnskapen til å skape noe dei følte var nært deira eiga liv. Opphavleg ville me at elevane skulle få lage den brua dei planla, men me trudde ikkje me kom til å ha nok tid. Det viste seg jo at me fekk for mye tid, så kanskje hadde det vore gjennomførbart likevel.

Når det gjeld skriving av tekstane gjekk det greitt, men me kunne ha vore meir effektive med tanke på fagteksten. Det gjekk bort litt tid på tull og fjas, men facebook er jo ein viktig del av livet. Det er og vanskeleg å skrive ein bra samanhengande tekst i fellesskap, tre personar skriv ikkje likt. Eg synes og det gjekk bort mye unødvendig tid på å lage ein brukarrettleiing som aldri kommer til å bli brukt. Dei gruppene som valte å lage brua si saman med klassen fekk nok god bruk for rettleiinga, men for oss var det unødvendig. Men me fekk reflektert litt over kor mye arbeid det hadde vore med brua og korleis me kanskje kunne ha gjort arbeidet vårt lettare.

Sjølve dagen i praksis er eg fornøgd med ettersom vi berre var ein student per klasse. Eg var skikkelig nervøs for det før vi begynte, men det løyste seg ganske fort. Det var ein skikkeleg utfordring for oss begge to, men eg for min del fekk mye betre trua på meg sjølv etter å ha klart meg ein heil dag. Sjølvsagt hadde det vore enklare for alle om Ole Jacob og hadde vore med, men eg trur ikkje me hadde fått like mye ut av det. Me fekk testa oss sjølve, og opplevd korleis det er å vere (nesten) åleine med ei heil klasse. Det er jo slik kvardagen vil vere når me kjem ut som lærarar. Det var ikkje like lett å få alle med, noen hadde ein tendens til å vandre litt mye rundt i klasserommet. Men eg klarte å halde ro og orden for det meste, og alle fekk gjort det dei skulle. Eg meiner at me hadde eit variert opplegg som elevane var engasjerte i. Kanskje har me skapt interesse for konstruksjonar hos i alle fall ein av elevane? Prosjektet har i alle fall opna auga mine for bruer, sjølv om eg eigentleg ikkje har lyst til å sjå ei ny bru på fleire veker framover.

2 kommentarer:

Steinar sa...

Du har skrive eit langt og interessant innlegg om konstruksjonsprosjektet.

Det er bra at du flettar refleksjonar inn i den kronologiske gjennomgangen.

Her er det spesielt interessant å lese om erfaringane med sjølve gruppearbeidet. Nokre av desse momenta kunne gjerne vore utdjupa, kva var det for eksempel som gjorde at de samarbeidde så godt? Går det an å uttrykkje det med ord, eller er ikkje det mogleg?

Du har også gjort deg nyttige erfaringar med tekniske problem. Dette er noko ein møter før eller seinare, men korleis kan ein vere førebudd på slikt?

Det kunne vore interessant å vite noko nærare om kva det var som gjore at elevane opplevde dagen som betre enn ein vanleg skuledag. Gjeld det også læringsutbyttet?

Heidi G. sa...

Hei Steinar:)
Nå er det vel på tide å svare på denne tilbakemeldingen også! TIl det første spørsmålet ditt om samarbeid vet jeg ikke helt hva jeg skal svare.. Jeg tror det har mye med personlighetene våre å gjøre, at vi går godt sammen som personer. I tillegg er vi tre stykker som (nesten) alltid gjør det vi skal, slik at vi kan stole på at alle fordelte oppgaver blir gjort. Vi trives i hverandres selskap, noe som gjør et slikt tett samarbeid enklere. I tillegg finner vi tid til å slappe av og ha det gøy sammen også, noe jeg tror er viktig for å holde humøret oppe.

Til spørsmålet om tekniske problemer vil jeg si at jeg følte egentlig vi var forberedt på dette. Fordi begge forventet problemer. Vi hadde også tenkt å bare sette i gang med innledningen selv om ikke presentasjonen var oppegående. Men det var lærere som løp rundt og forsøkte å ordne ting til oss, og da var det vanskelig å få skikkelig ro i klassen. Elevene hadde også fått beskjed om å bare snakke litt til vi fikk begynt, og det er ikke lett for praksisstudenter å overstyre det lærerene sier! Men jeg tror bare man må være klar over at det alltid kan skje noe med teknikken, og at man har et ekstra alternativ i bakhodet. Og da er det lurt å ikke være for knyttet til presentasjonen sin!

Hvis jeg skal være helt ærlig tror jeg elevene likte dagen bedre fordi de slapp de vanlige timene. De likte å holde på med brobygging, og de fikk litt friere tøyler enn i en vanlig skoledag. Dessverre tror jeg ikke de lærte så mye som vi håpte. Men det ble mye informasjon på en gang, så jeg skjønner godt at de ikke lærte alt om bruer på en dag. Jeg tror i alle fall at de hadde en morsom dag de kommer til å huske framover:)

Ellers følte jeg at jeg fikk mye ut av gjennomføringen av prosjektet. Jeg fikk ett lite innblikk i hvor omfattende et tverrfaglig prosjekt kan være, samtidig som jeg lærte mye om organiseringen av en slik dag. Jeg hadde hvertfall en lærerik dag:)