lørdag 15. november 2008

Konstuktivismen

Eg trur eg skriver det kva veke, men også denne veka har me hatt om ein teori eg trur eg kjenner meg igjen i. Men me har jo fått høyre at eit pedagogisk grunnsyn vanlegvis ikkje tar utgangspunkt i berre ein teori, men mange. Og det gjer i alle fall mitt grunnsyn! Eg finn område eg trur på i både behaviorismen, kognitivismen og no også konstruktivismen.

Konstruktivismen handlar om å konstruere sin eigen verson av kunnskap, ein kan ikkje stå som lærar og overføre kunnskap til elevane sine. Dei må finne han sjølv! Dermed blir fokuset i undervisninga på eleven sin læring, og ikkje på korleis læraren framstiller stoffet. Eleven lærer ved sjølv å prøve og feile. Gode konstruktivistiske arbeidsmetodar kan vere prosjektarbeid, problemorientert læring eller generelt induktiv læring, der elevane sjølve får prøve seg fram til eit svar utan å bli gitt ein oppskrift. Det er nettopp ei slik økt eg sitter og sliter med å skrive om når eg skal skrive eksamensoppgåva mi i pedagogikk. I praksis gjennomførte vi ei økt i undersøkingslandskap i matematikk i klassen vår. Her fekk elevane jobbe fritt utan å få noen algoritme dei skulle bruke for å komme fram til svaret. Dei fekk utforske sjølve, og me som lærarar sto i bakgrunnen og retteleia dei. Eg trur ikkje alle fekk like mye ut av denne økta, men det kan vere på grunn av manglar ved gjennomføringa, samt at noen av elevane var på lågare nivå enn dei andre. Men eg håper at det tar lang tid før dei glømmer korleis dei reknar med valuta, no som dei har funne sin eigen metode.

Samtidig fekk òg eg mye ut av denne økta. Eg kan ikkje tenke meg korleis det ville gått med skivinga til eksamensoppgåva hadde eg ikkje hatt eit konkret døme å gå ut i frå. Ein kan lese så mye ein vil omkring undersøkingslandskap, men eg hadde hatt vanskeleg for å skrive ei heil side om eg berre skulle ha lese om det. Etter å ha fått testa det ut i praksis har eg mange tankar og erfaringar eg kan basere skrivinga mi på, noe eg ikkje ville hatt elles.

No er det ein ting eg ikkje går heilt med på med tanke på Piaget sin teori i kring det å konstruere sin eigen læring, og det er tanken på at læring skal vere individuell. Vel kan det fungere bra å sitte for seg sjølv og lære ved å prøve for seg sjølv, men ein kan ikkje utelukke effekten samfunnet rundt oss har på læring. Vygotsky med sin sosiokulturelle teori fortsett der Piaget slepp rundt enkeltindividet, og dreg òg inn læring i sosial samanheng. I følgje Imsen i ”Elevens verden”2008, lev barn i eit sosialt fellesskap der kultur og språk spiller ein stor rolle på utviklinga deira. Og er ikkje dette sant? Kunnskap handlar ikkje berre om kor Australia ligg, eller kor mange som sitt på Stortinget. Det handlar òg om å vite korleis ein skal oppføre seg, og korleis ein må gå fram for å komme seg på neste buss til byen. Eg vil seie at slike ting er ting ein lærer frå dei i kring seg, kanskje med individuell utforsking, men òg ved å følgje dei nærmaste i kvardagen. Samarbeid var òg ein viktig del av opplegget vårt med undersøkingslandskapet i praksis. Elevane fekk sitte i grupper, og saman skulle dei komme fram til ein god måte å løyse oppgåva på. I mi gruppe var det stort sett ein elev som dominerte, men heilt fritt for samarbeid var det ikkje. Slik fekk elevane lære av kvarandre.

Konstruktivismen har mange gode poeng, men ein kan ikkje sjå heilt bort i frå at me konstant er i samhandling med andre folk.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei, først vil eg seia at dette var eit kjempebra innlegg.Eg og ser mykje eg kan dra nytte av frå dei ulike teoriane, men på mange måtar heller eg mot Piaget sin teori om at kunnskap er individuell. For sjølv om ein samarbeider om å løysa ei oppgåve, meiner eg at det ikkje er sikkert at alle partar har fått med seg og forstått, og kan bruke det sjølv åleine i ein annan samanheng.
Eg trur det er det Piaget og kontruktivismen meiner med at læring er individuell. Eg trur ikkje det utelukkar at ein ikkje kan lære av kvarandre, ein må berre forstå ting sjølv. Ein må berre gjere dei rette koblingane på det indre planet på eiga hand, for å kunna dra nytte av kunnskapen dei lærer, om det er i felleskap eller ikkje.

Steinar sa...

Ja, det kan vere nyttig å supplere Piaget med litt sosiokulturelle tankar.

Elles merka eg meg at du skriv at i konstruktivsmen lærer elevane ved å prøve og feile. Det stemmmer det, men her manglar det eit svært så viktig element i tillegg. Handlinga i seg sjølv er ikkje nok, for i tillegg trengst.....??

Heidi G. sa...

Takk for kommentarer:)
Interessant syn Ingrid,godt poeng at folk må forstå ting selv. Men jeg mener fortsatt at dette ofte kommer av samarbeid med andre! Men jeg tror egentlig ikke meningene våre er så forskjellige. Kommer an på hvordan man tolker Piaget vel.

Steinar; jeg vet ikke helt om jeg skjønner hva du mener, men i tillegg til å prøve å feile trengs det tankevirksomhet, man må være undersøkende og nysgjerrig. Og man må være motivert for å lære noe. Slik blir man mer mottakelig både fra påvirkning utenfra og for egen læring. Hvis det er noe annet du tenkte på må du si ifra. Er det ikke damene som er så dårlige på å ta hint da??;)

Steinar sa...

Gratulerer, du tok hintet! Det var akkurat tankevirksomhet jeg var på jakt etter:-)