fredag 3. oktober 2008

Noen tanker rundt det å planlegge undervisning.

Er det ein ting eg har forstått om det å planlegge undervisning, er det at undervisninga sjeldan blir som ein vil ha det. Det er mange faktorar å ta omsyn til både i sjølve planlegginga og i gjennomføringa av ei økt. Men å forberede seg til timane er viktig, eg merkar sjølv at eg er mye rolegare og sikrare på meg sjølv dei gongene eg er godt forberedt, uansett i kva samanheng. Det er viktig for ein god lærar å vere godt forberedt, men samtidig må ein vere open for uventa hendingar, og klar for å måtte improvisere. Kanskje mister du rommet du skulle bruke, du må følgje ein elev til helsesøster, eller teknikken fungerer ikkje. Då må du vere i stand til å forandre planane dine på ståande fot.

I undervisningsplanlegginga har me hovudsaklig tre modellar å gå etter, to forenkla mål-middel modellar og den didaktiske relasjonsmodellen – ”diamanten”. Eg synes vel diamanten er ein god modell i startfasen da ein kanskje ikkje husker alle faktorane ein må ta omsyn til. I diamanten kjem faktorane godt til syne, og du har eit oversiktelig utgangspunkt. Her henger alle områda samen i eit nettverk der ingen kjem først, alle er like viktige. I tillegg kan ein sjå at eit val avgrensar dei andre områdane og at ein forandring får konsekvensar for resten av planlegginga. For eksempel kan rammefaktorar vere utslagsgivande med tanke på arbeidsmåtar, innhaldet i undervisninga er avhengig av måla osv.

Ein må og tenke på at alle desse faktorane er i forandring og utvikling, ein kan ikkje legge opp det same opplegget for fleire klasser år etter år. Her speler spesielt kvar enkelt elev inn med tanke på korleis ein legg opp undervisninga. Kanskje må ein legge opp undervisninga i fleire økter eller ein må dele opp klassen forskjellig. Enkelte elever arbeider best i grupper, mens andre igjen klarer seg best aleine. Skal ein ha deduktiv undervisning, altså ein meir lærerstyrt form, eller induktiv undervisning der ein lar elevane undersøke og oppdage på eigenhand? Ein må tenke på at kvar enkelt elev skal få best mulig utbytte av undervisninga, sjølv om det kan vere vanskelig å kjøre tilpassa opplæring heile tida. Læreføresetnadane er forskjellige hos kvar enkelt elev og dei må tas i betraktning når ein planlegg.

Det er viktig å vere forberedt til kvar enkelt time, men like viktig er det vel å ha ein skikkelig halvårsplan/årsplan. Her kan alle få god oversikt over kva tema som kjem når, ikkje bare lærarane, men også elevane og foreldre. Ikkje minst er det då mye enklare for ein vikar å ta over undervisninga dersom ein har ein klar plan som viser kor langt klassen har kome.

Til slutt vil eg berre kommentere ein gong til at det er stor forskjell i teori og praksis. Ein kan planlegge alt til minste detalj, men mest sannsynleg vil det på et eller anna tidspunkt skjera seg. Da må ein til å improvisere! I tillegg må ein tenke på at ein skal ha tid til å planlegge kvar dag òg, noe eg tvile på kan vere veldig lett. Noen gonger må ein ta ting på sparket, men da må ein vere forberedt til det òg!

4 kommentarer:

Steinar sa...

Dette er eit innlegg med vidt perspektiv samstundes som det er fokusert på undervisningsplanlegging- det er sånne svar me er på jakt etter på munnleg eksamen:-)

Eit naturleg oppfølgingsspørsmål er kor i "diamanten" vil du starta når du no snart skal planleggje ei matematikkøkt?

Just Ludvig Arnevik sa...

Her var det mykje interessant lesing. Eg la spesielt merke til at du nevner dette med halvårs og årsplan, og viktigheten av ein slik. Det er eg heilt samd i, ein god årsplan er ikkje berre viktig, men essensiell for å sikra progresjon og struktur i undervisninga. Kva meiner du om at ansvaret for utarbeidinga av slike planar for 1.-4- trinnet og 4-7 trinnet i dag ligg hjå lærarane?

Heidi G. sa...

Hei Steinar! Etter mye tankegang har eg vel komt fram til at eg ville begynt med måla. Sjølv om dei seier at inge kategoriar kjem først, er måla eit godt utgangspunkt for å planlegge ei økt. Eg trur eg må ha måla klart for meg, kva elevane skal lære, før eg kan sette meg inn i sjå an korleis dei skal kome dit. Dei andre kategoriane kjem først fram i prosessen med å planlegge til døme innhold og arbeidsmåter. Eventuelt kunne ein ha starta med vurderinga etter forrige økt der ein kan sjå på kva som fungerte eller ikkje fungerte. For min eigen del ville eg da ha tatt utangspunkt i matteintervjuet. Det var noe eg ikkje hadde tenkt på før! Altså begynne med vurdering først, eller eventuelt måla dersom eg ikkje har noe vurdering fra før.

Just: eg er ikkje heilt sikker på om eg forstår spørsmålet ditt, så unnskyld hvis det her ikkje blir heilt som du forventa! Men eg meiner i alle fall at ansvaret for desse planane må ligge hos lærarane fordi det er dei som skal følge opplegget. I tillegg er det lærarane som vet best kor langt elevane har komt og kor fort dei jobber. Hvis du vil forklare spørsmålet ditt kan det hende eg kan kome med eit betre svar:)

Steinar sa...

eg støttar den argumentasjonen!