fredag 17. oktober 2008

Behaviorismen

.. er vel ein teori eg faktisk har litt trua på. Eg er ikkje einig i måtane dei tradisjonelle behavioristane har brukt for å bekrefte sin teori, med tanke på forsøk på dyr og menneske. Synet på menneske som eit objekt som kan formast nesten utan grenser er eg heller ikkje einig i. Men ein kan vanskeleg argumentere for at teorien om straff og løning ikkje fungerer godt. Dette er ein læremetode eg vil påstå dei fleste bruker enten på sine eigne barn, på sine elever eller òg til døme på kjærasten som me har fått høyre om i klassa. Når det gjeld straff og løning i eit klasserom kan dette vere eit middel for å skape motivasjon og til å halde styr på klassen. Eg veit med meg sjølv at eg arbeider betre dersom eg veit eg får noe igjen for strevet enn dersom eg ikkje gjer det. Eit kjent døme på løning og straff er karakterar, i mindre klassetrinn kan løning vere stjerner, ein ekstra morosam time eller å få med seg melding heim som straff. Kva form av løning og straff kan variere frå skule til skule, og det er òg personleg kva ein ser på som straff og løning. Noe som fungerer på ein person fungerer kanskje ikkje på ein annen. Til døme er det ikkje alle elever som bryr seg om karakterar, og å true med dårleg snitt vil ikkje hjelpe på desse elevane.

No er det vel bevist at løning fungerer betre enn straff. Me har fått høyre at straff kan skapa frykt for læraren og motstand mot skulen, og eg meiner sjølv at ein lærar må vere forsiktig med kva type straff han brukar. Eg har høyrt om ein skule som har prøvd ut noe eg trur er eit nytt prosjekt, der straff og kjeft skulle bli brukt minst mogleg. På denne skulen skulle elevane få ros dersom dei gjorde noe bra og det vart òg delt ut kort som dei etter kvart kunne bytte inn i ein løning. Dersom dei gjorde noe galt skulle dei ikkje bli kjefta på, men heller bli snakka pent til, og få forklart at det fanst andre måtar å løyse saka på. Her har dei strekt seg langt i trua på at løning er betre enn straff og at elevane lystrar løning betre. Denne skulen unngår klart å skapa frykt for skulen og lærarane ved å unngå straff. No veit eg ikkje korleis dette fungerer i praksis, men eg veit at ikkje alle lærarane var like einige i at elevane skulle ”dulles” med. Eg trur heller ikkje at dei har vondt av straff så lenge den er rettferdig og ikkje skader eller skremmer eleven på noen måte. Elevane må få vite at det følgjer konsekvensar av å gjere noe galt. Men då må ein også vere konsekvent på å følgje opp dersom dei gjer noe galt, elles vil elevane lære at det ikkje er så farleg, det skjer ikkje noe likevel.

Til slutt vil eg innom Bandura sin teori om sosial-kognitiv læring. Han har òg eit behavioristisk startpunkt, men har utviklet denne teorien med ikkje å berre sjå på den ytre responsen på straff og løning, men òg den indre oppfatninga som forventningar og hukommelse. Han meiner at me ikkje berre lærer av våre eigne erfaringar, men òg av å sjå på kva andre oppnår med det dei gjer. Ein elev kan lære mye av å observere andre, huske kva dei gjer og å imitere dei. Til døme kan ein elev ved prosjektarbeid huske tilbake på kva grupper som fekk gode karakterar ved sist prosjekt og ta det med i sitt eiga arbeid. Det skaper motivasjon i den forstand at eleven forventar betre karakter, på lik linje som dei andre elevane fekk på sitt prosjektarbeid. Dette er noe eg sjølv har erfart frå mi eiga tid på skulen, og Bandura sin teori er noe eg trur er ein del av mitt eiga pedagogiske grunnsyn. I denne modellen ligg og viktigskapen i det å vere ein god rollemodell, elevane ser på til døme kvarandre og på lærarane, og gjer som dei. Det vil seie at ein lærar alltid må oppføre seg slik han vil at elevane skal oppføre seg. Ved å vere ein god rollemodell kan ein bidra til å vidareføre gode verdiar og god oppførsel.

Som ein liten oppsummering vil eg seie at eg er for straff og løning, så lenge begge deler er rettferdig, og straffa må ikkje vere skremmande. Men straffa skal likevel utgjere eit tap for eleven, noe som skal bidra til motivasjon for ikkje å gjere det same igjen. Løning kan vere ein god motivasjon for å gjere noe bra, og eg trur ein kan lære av både å få løning sjølv, men òg å sjå andre få det.

5 kommentarer:

Britt Kari sa...

Kjempebra innlegg Heidi! :-) Helt enig med deg i ditt syn på straff og belønning! Bra gjort å skrive nynorsk også, men den skal ikke jeg kommentere for jeg er ingen ekspert på det dessverre...

Heidi G. sa...

Hehe, takk skal du ha:)Trenger innspill på nynorsken også, så hvis du ser noen feil er det bare å si ifra:) ekspert eller ikke..!

Ole Johannes sa...

Detta syns ev va eit intresant innlegg Heidi, va nesten som eg sku ha skreve det sjøl, sitt ut frå ka meiningar du har. For eg er veldig enig e det du skriv om straff og belønning. Trur også det ska var veldig vanskelig å argumentera mot at det er virkemiddel som fungerer godt i skulen, men som du seie, det må gjerast på ein rettferdig måte, vist ikkje kan det gå skeis trur eg.
Bra innlegg;)

Heidi G. sa...

Takk! Gøy med koselig tilbakemelding også:)

Steinar sa...

Hei!

Mykje spennande å lese her, gi lyd viss du høyrer meir om resultat frå det praktiske skuleforsøket, det er eg svært interessert i!