torsdag 25. september 2008

Mitt pedagogiske grunnsyn

Denne uka har me hatt om pedagogisk grunnsyn på skulen. Til tross for mye lesing er dette framleis eit tema eg synes er vanskeleg både å forstå og å sette i system. Et pedagogisk grunnsyn er visstnok filosofien som ligg til grunn for dei bevisste og ubevisste handlingane du gjer i forhold til pedagogiske områder i livet, til døme undervisning. Det pedagogiske grunnsynet blir påverka av samfunnet rundt oss, om me er bevisste på det eller ikkje. Til døme blir me påverka av oppvekst, kva religion eller livssyn me tilhører og kor me står politisk. Det går mye på kva oppfatningar me sjølve har av kva god undervisning er, kva me sjølve likar og korleis me lærer. Dessverre er det visst ikkje alltid like enkelt å forklare sitt eiga grunnsyn ettersom mye av det ikkje er bevisst, det er ikkje alle områder me tenker over sjølve.

To ytterpunkt av pedagogisk grunnsyn er tradisjonalisme (kultursentrert retning) og progressivisme (barnesentrert retning). Platon og Aristoteles la basisen for den tradisjonalistske retninga i antikken, mens Rousseau og Dewey er kjente påverkare av progressivismen. Før eg begynner å forklare litt om dei to retningane vil eg påpeke at begge desse er to klare ytterpunkt og at dei vanlegaste grunnsyna i dag ligg eit sted i mellom desse, noe eg trur eg gjer sjølv og.

Tradisjonalismen har hovudfokuset på noe i læresituasjonen, altså innhaldet av undervisninga, mens progressivismen legg vekta på noen, det vil seie elevane. Tradisjonalistane meiner at undervisninga skal baserast på at læraren er ein formidlar som overfører kunnskap til ”tomme” barnehjernar, og elevane må pugge for så å gjenta stoffet læraren legg fram. Disiplin settes høgt, og målet med undervisninga er å gjere elevane klare for sine oppgåver i samfunnet.

I progressivismen blir læraren ein rettleiar og motivator som skal hjelpe eleven til å finne sin egen kunnskap gjennom dialog. Elevane skal sjølve ut og oppdage og utforske, noe Rousseau var spesielt oppteken av. Han meinte samfunnet forderva barna, og at dei burde tas vekk i frå samfunnet dei første åra slik at dei fekk utvikle seg fritt. I 15 års alderen var dei klare til å begynne å studere, samtidig som han oppfordra til å ut i verden for å sjå og lære på eiga vis.

Det er den tradisjonalistiske retninga som har stått sterkast i skolesituasjonen i Noreg gjennom tusenvis av år. På 80- og 90 talet gjennomgikk derimot skulen i Noreg ein slags revolusjon, og ansvar for eiga læring vart eit sentralt punkt i den nye læreplanen. Elevane skulle vere aktive og sjølvstendige, mens læraren vart redusert til ein rettleiar. Grunnsynet vart meir retta mot den progressive retninga. Men etter dei nye internasjonale undersøkingane viste Noreg gjennomsnittleg dårlegare kunnskapar enn mange av dei andre landa. Dermed vart kunnskapsløftet satt i gong, og dette legg større vekt på kva elevane skal kunne, mens metodane brukt for å oppnå denne kunnskapen er meir opp til lærarane. Me har fått ein mellomting mellom tradisjonalismen og progressivismen, og eg synes det verker som eit betre system no enn før. Berre pugging gjer ingen godt, og for frie rammer er heller ingen fordel. Kvar enkelt lærar kan legge opp undervisninga slik han føler passer for elevane og seg sjølv. Eg trur ikkje elevane kan få eineansvaret for si eiga læring, dei treng ein lærar som kan legge opp opplegget, men han må og ta omsyn til korleis elevane lærer best.

Som utgangspunkt for pedagogisk grunnsyn finn me og nokre psykologiske retningar, til døme behaviorismen, psykoanalysen, humanistisk psykologi og økologisk/systemperspektiv. Eg trur eg sjølv heller litt mot behaviorismen med tanke på straff og løning. Å bruke straff og løning har eg erfart kan vere effektivt, sjølv om eg ikkje er for dei metodane behavioristane brukte. Eg kan heller ikkje heilt kjenne igjen synet på mennesket som eit objekt som formast av miljøet rundt oss. Sjølv om dei påstår synet på mennesket er positivt ettersom det argumenterer med at alle kan lære alt, verkar det på meg noe negativt.

Eg meiner og at den humanistiske psykologien har mange gode områder, og eit positivt syn på mennesket som seier at me er fødde frie og gode med ein trong til sjølvrealisering. Det at menneska har muligheit til å vere med å forme sitt eige liv dersom dei får moglegskapen er noe eg trur på. Den psykoanalytiske retninga og økologisk/systemperspektivet er to områder eg ikkje er heilt sikker på enda, eg må sette meg betre inn i desse før eg kan sei noe meir om dei. Generelt er det vanskelig å skulle legge fram mitt pedagogiske grunnsyn etter den litle tida me har hatt på skulen. Forhåpentlegvis er dette noe eg lærer å tenke over etter kvart, slik at eg har eit godt svar til eksamen i andre klasse!

4 kommentarer:

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Du sier at humanismen har mange flott perspektiver. Jeg er enig med deg. Det å se barn som gode, positive, utviklende individer er et godt utgangspunkt, absolutt!

Steinar sa...

Heidi, du held i alle fall på å byggje eit solid fundament for ditt pedagogiske grunnsyn med dette innlegget, veldig interessant og bra skrive. Kva meiner du er læraren si viktigaste oppgåve i "eit progressivistisk" klasserom?

Heidi G. sa...

Det er vel her dei tre progressivistiske syna på ein lærer kjem frå; som ein tilretteleggar, retteleiar og ein som skal motivere barna. Læraren skal legge opp undervisninga best mulig for elevane, dermed må han tenke på korleis dei arbeider best, korleis dei lærer best. Kan det vere at den progressivistiske retninga brukar induktive læremetodar framfor deduktive? Då kan eleven sjølv utforske og oppdage kunnskap. Læraren må og kunne motivere elevane, være inspirerande. Han må vise elevane korleis dei får tak i den kunnskapen dei er interessert i, i mens han motiverer til å utforske nye områder og tilegne seg nye kunnskapar. Han skal vise barna vegen til kunnskap, sjølv om målet er at det finn fram sjølve. Noe sånt!

Steinar sa...

Jepp, enig i det:-)