tirsdag 2. september 2008

Kvifor eg vil bli lærar.

Oppgåva til bloggen denne veka består av to spørsmål; kvifor vil du bli lærar, og korleis ser du læraren sine mange oppgåver? Begge av desse spørsmåla krev mykje tankeverksemd for min del. Heldigvis er det ikkje stort anna eg har tenkt på dei siste to vekene. Det mest naturlege er vel kanskje å begynne med det fyrste spørsmålet, kvifor eg vil bli lærar.

Det er verkeleg eit godt spørsmål som eg har stilt meg sjølv mange gonger. For ikkje å gløyme alle andre som har lurt på det same. Enkelte har påstått at det ikkje er verdt å vere lærar, dei får så dårleg lønn. ”Det er ingen som liker lærarar”, får eg høyre frå andre. Eg må jo innrømme at eg har tenkt desse tankane sjølv og, men likevel har det alltid vore ein reell moglegheit for meg. For eg kan ikkje komme på nokon som har gjort et så varig inntrykk på meg som lærarane eg hadde i barneåra. Eg var lenge usikker på kva eg ville utdanna meg til, men tilslutt bestemte eg meg for at eg berre måtte velja. Og sia tanken om læraryrket hadde heimsøkt meg frå eg gjekk på barneskulen, fant eg ut at det var ein god plass å begynne.

Kva som fristar mest med å bli lærar veit eg eigentleg ikkje, kanskje bortsett frå mange feriedagar sjølvsagt, men eg har alltid vore glad i barn og sett for meg eit yrke relatert til barn og unge. I tillegg har eg som sagt blitt inspirert av lærarane eg sjølv hadde da eg var barn. Både på godt og vondt, men begge deler har gjort meg innstilt på å bli ein god lærar. Eg husker med gru dei dårlege lærarane eg har hatt, og det er på grunn av dei eg brenn for å gjere ein god innsats når eg skal ut i skulen. I tillegg har eg leita lenge etter eit artig og variert yrke, og ein kan vel godt si læraryrket går under den nemninga.

Det at læraryrket er eit variert yrke kan ein vel grunngi med det neste spørsmålet i oppgåva. Korleis ser du læraren sine mange oppgåver? Da er det vel berre å begynne oppsummeringa etter tysdagens timar i pedagogikk. Fyrst og fremst skal jo ein lærar vere nettopp ein lærar. Han er der for å læra elevane sine det han kan, ikkje nødvendigvis berre faglig, men og om sine egne erfaringar i livet utanfor skulen. Dermed kjem me til neste punkt, ein lærar skal vere ein rollemodell og ein del av oppdragninga til barna. Læraren blir ein slags assistent til foreldra, og på skulen skal dei opptre nett som ein reserveforelder. Gjennom skulen skal elevane lære blant anna folkeskikk, samarbeid og sjølvstende slik at dei er førebudde på å bli ein del av samfunnet. I tillegg vil læraren bli sett på som ein omsorgsperson som skal vere med på å ta vare på kvart enkelt barn, og sørgje for at alle blir sett.

Planlegging er og ein stor del av lærarens kvardag. Etter kunnskapsløftet 2006, tar læraren igjen ein større del av planlegging av sin eigen undervisning. Læreplanen er meir open om kva undervisninga skal bestå av, dette er no meir opp til kvar enkelt lærar og skule. I tillegg har kvar elev krav på tilpassa undervisning, noe som igjen setter større krav til at ein lærar er flink til å planlegge heile år, ukar og dagar. I samanheng med desse planane kjem også IOP-rapporten. Nå skal ein rapportere korleis undervisninga har gått, og om ting har gått etter planen eller kva som gikk galt. Ein lærar må og vere med på å utvikle seg i takt endringane i samfunnet.

Til slutt vil eg ta med at ein lærer må være flink til å samarbeide, ikkje bare med kollegane, og med elevane, foreldra og andre tenester knytt opp mot skulen. Dei skal vere i stand til å registrere om noe er galt på skulen eller i heima, og dermed samarbeide med andre instansar for å gjere noe med det. Han må og vere ein god administrator for klassen blant anna med tanke på fråvær og vurdering. Men det å vere ein god leiar er vel kanskje ein av dei viktigaste oppgåvene ein lærar har. Eg må si eg gler meg!

3 kommentarer:

Steinar sa...

Hei! Eg håpar du får positive erfaringar når du snart skal ut og møte praksiskvardagen, for du har eit reflektert forhold til yrket!

Kan du gi nokre konkrete eksempel på kva det vil seie å vere ein god rollemodell som lærar?

Heidi G. sa...

Tja, å vere ein god rollemodell som lærar kan vere så mangt. Ein bør vere omsorgsfull, men samtidig vere litt streng, og sette klare grenser. Ein må passe språket sitt, som lærar kan ein ikkje forvente at ungange ikkje skal banner dersom du gjer det sjølv. Læraren bør vere inkluderande og han kan ikkje mobbe. Og som me har diskutert i klassen, må ein lærar tenke på kva klær ein har på seg. Dei må symbolisere at læraren er leiaren, og ikkje ein del av klassen. Me hadde ein lærar på ungdomsskulen som handla klær på samme butikk me gjorde, og ho fekk ikkje like mye respekt som dei andre lærerane. Det er noen eksempler i hvert fall. Men det er komplisert å vere lærar!

Steinar sa...

ja, det kan vere komplisert, men du fiksar det!