søndag 30. november 2008

Strategiar for læring

Denne veka har me hatt om strategiar for læring, noe eg aldri tenkte mye på då gjekk på skulen. Men eg har jo skjønt at det kan ha mye å sei for utbytte av læringa, og metakognisjon er viktig å ha for å vite korleis ein sjølv lærer best. Ein type strategi for læring blir kalla ”organisasjonsstrategier”, og inneber å lage seg ein oversikt over den kunnskapen ein har. Kunnskapen blir organisert og satt i samanheng med anna kunnskap. Ein kan seie at ein repeterer ting ein allereie kan, og utvidar sine eksisterande skjema med den nye tilegna kunnskapen. Eg har personleg trua på ein slik strategi, fordi ein får sortert kunnskapen, ein ser kva som er relevant og kva som ikkje er det, samtidig som ein lettare kan på ein heilskap i staden for enkeltståande kunnskap. I tillegg er det ein fin måte å repetere gammal kunnskap på. Døme på slike strategiar som blir brukt i skulen i dag er skumlesing, spørsmål til teksten, tankekart og VØL- skjema.


Tankekart har eg sjølv brukt mye i forbindelse med ungdomsskulen og vidaregåande. Det er ein metode som fungerer fint både i fellesskap og individuelt, personleg har eg erfart det brukt mest i fellesskap. Slik får elevane sortert kunnskapen sin, samtidig som ein kan lære noe nytt av dei andre elevane heilt frå starten av. Via samtale i klassen vil dette vere ein aktivitet tilpassa de auditive elevane. Samtidig er det ein god metode for dei som er visuelt anlagt ettersom ein får samla kunnskapen i eit bilde. Ein kan gjere noe kreativt ut av temaet, bruke mange farger og gjere tankekartet til sitt eiget. Dersom ein har tid og plass kan ein og gjere dette til ein aktivitet for dei kinestetiske og taktile der dei får vere i aktivitet og får bruke fingrane. Til døme kan ein lage eit stort tankekart der ein må bevege mye på seg, og som er meir konkret enn eit vanleg kart teikna på tavla eller i boka.

VØL- skjema hadde eg aldri høyrt om før begynte på høgskulen, men det eg har fått høyre om skjemaet har eg oppfatta som positivt. Ideen er at elevane først skal skrive ned det dei kan, deretter det dei har lyst til å lære. Avslutningsvis skal dei skrive ned kva dei har lært om temaet. Det å begynne å repetere og fokusere på det elevane allereie kan, gir både elevane og læraren eit godt utgangspunkt med tanke på å begynne med eit nytt tema. Slik får elevane ein oversikt over kva kunnskap dei allereie sitt inne med, og dei kan knytte ny kunnskap opp mot gamle skjema etter kvart som dei lærer. I tillegg får læraren god innsikt i kor mye elevane kan frå før, og han kan bygge opplegget sitt på allereie eksisterande skjema.

Gjennom delen der elevane kan skrive ned kva dei ynskjer å lære gir ein elevane moglegskapen til å vere med å utforme opplegget for undervisninga. Men eg kan ikkje sjå for meg at det alltid er like lett å vite kva ein ynskjer å lære, i alle fall ikkje for små elevar som ikkje har noen bakgrunn innafor eit heilt nytt emne. Kva dei ynskjer å lære varierer òg frå elev til elev, men det gir læraren eit godt utgangspunkt for å tilfredsstille interessene til elevane. I tillegg gir det god moglegskap til i etterkant å sjå om elevane har nådd måla sine. Her kjem den siste kolonnen inn, der dei skal skrive kva dei har lært. Her får ein ein oppsummering av perioden, og læraren kan sjå på kva som må bli fokusert meir på, samtidig som elevane må tenke over kva dei eigentlig har lært. VØL- skjemaet er eit godt utgangspunkt, og ein slags mediator for læraren, for å kunne gi tilpassa opplæring til elevane sine, og sette fokus på kvar enkelt sitt behov.

Andre typar strategiar for læring er elaboreringsstrategier og repetisjonsstrategier, men desse vil eg ikkje gå så nøye inn på. Strategiar for repetisjon er nok vanleg i skulen i dag, eg veit sjølv at eg brukte slike mye. Spesielt innan matematikk og realfag er det vanleg å pugge formlar, og eg veit sjølv eg brukte ”puggeteknikken” mye i til døme historie. Men det er lite eg husker frå det eg pugga da i dag, så eg har inntrykk av at slik type læring har lett for berre å legge seg i korttidshukommelsen, eller eventuelt langt bak i langtidshukommelsen. Da er det nok betre å forsøke på å gjere stoffet til sitt eiga, eller lage samanhenger til noe kjent, slik som elaboreringsstrategier går ut på. Dersom ein forbinder nye nytt med noe ein allereie kan er det lettare å ta det fram igjen seinare. Det merker eg spesielt godt når eg skal lære meg nye namn, har eg noen kjente med same namnet eg kan knytte dei til er det mye enklare å hugse. Det finnes mange forskjellige strategiar for læring ein kan nytte seg av, men ein må nok berre finne den som passer for seg sjølv, og som lærer er det lurt å nytte seg av fleire forskjellige i undervisninga. Gjennom allsidig undervisning når ein lettare inn til fleire av elevane, enten dei er auditive, visuelle, kinestetiske eller taktile.

søndag 23. november 2008

Den næraste sona for utvikling

I det sosiokulturelle perspektivet er eit viktig omgrep mediering. Det er eit omgrep eg ikkje er heilt sikker på om eg forstår, men eg kan forklare det slik eg trur det er. Ein mediator kan oversettes til eit hjelpemiddel, og kan vere alt frå bilen din til ein lærar. I samanheng med læring er språket eit særs viktig hjelpemiddel, og her blir mediatorene ein hjelp til å oversette ny kunnskap inn i det språket ein allereie har. Ein lager seg abstrakte, språklige symbol for konkrete ting. Kanskje kan for eksempel vegskilt, teiknspråk eller det matematiske språket. Vygotsky meiner òg at utvikling av kunnskap i første omgang skjer i samarbeid med andre, der ein ser på, hører, hermer og lærer ved at andre viser. Deretter blir denne kunnskapen noe ein kan, den kan utvikle seg til ein evne, og ein kan gjere ting aleine. Eit eksempel kan vere så enkelt som å kle seg. Som liten går ein frå å bli kledd av mor eller far, til å vere sjølvstendig og ville kle seg sjølv. Men det er ein læringsfase der ein går frå å sjå utan å gjere noko, til å forsøke på eigenhand, men da ein treng hjelp for å kle seg rett. Til slutt er ein fullt utlært og ein kan forhåpentlegvis kle seg sjølv heilt utan hjelp. Slik kan ein sjå i resten av livet og, det meste ein kan, lærer ein av å sjå eller høyre på andre, om det er ein brukarveiledning noen har skreve, ei bok, eller ein lærar som står og underviser. Sjølvsagt krev alt dette hjerneaktivitet, ein må sjølv forstå og omgjere informasjonen til sitt eiga språk.

Her kjem den proksimale sona for utvikling inn, eller den næraste sona for utvikling som den òg kallast. Den sett eleven, eller individet i midten med to ringar rundt seg, den yttarste større enn den innarste. Den innarste sirkelen viser at det er grenser for kor mye eit individ kan gjere heilt utan påverking frå andre. I den yttarste sirkelen finn me alle mediatorene som påverke eit menneskes kunnskapsnivå. Her ser me kva moglegheiter individet har for å utvikle nivået ein ligg på. Det er forskjellen mellom desse to nivåa som kallast den proksimale sona for utvikling. (Imsen, G. (2008) ”Elevens verden – innføring i pedagogisk psykologi”. 3 opplag.) Dersom ein har fleire mediatorer tilgjengelig er sona for utvikling større, og begge sonene forandrar seg ettersom mediatorene blir forandra. Det er òg viktig at nivået i denne sona er litt over nivået på kunnskapen til individet, slik får ein ein god utvikling. Eg trur òg det har mye å sei for innsatsen og motivasjonen for å lære noe nytt, spesielt i matematikk er dette tydelig. Oppgåvene må vere ein utfordring slik at ein har noe å strekke seg mot.

Når det kjem til kva desse mediatorene kan vere, trur eg spennet er stort. Eg merker sjølv at eg lærer noe nytt så og sei heile tida, på skulen, i bilen på veg heim, heime og borte på besøk. På skulen lærer me av til døme læraren, medelevar og bøker. Her vil eg sei at medelevar er mest like viktig som læraren. På mange områder ligg elever i same klasse på same nivå, men to personar kan ikkje ha same mengde kunnskap om alt! Noen veit alltid noe meir eller noe anna enn det sidemannen gjer. Det vil aldri vere ein mann i verden som kan alt, sjølv den klokaste vil kunne lære noe av ein annen. Som nemnt tidlegare er den proksimale sona for utvikling dynamisk, den utviklar seg konstant. Forskjellen ligg i størrelsen på denne sona, for noen er den meir velutvikla enn andre.

lørdag 15. november 2008

Konstuktivismen

Eg trur eg skriver det kva veke, men også denne veka har me hatt om ein teori eg trur eg kjenner meg igjen i. Men me har jo fått høyre at eit pedagogisk grunnsyn vanlegvis ikkje tar utgangspunkt i berre ein teori, men mange. Og det gjer i alle fall mitt grunnsyn! Eg finn område eg trur på i både behaviorismen, kognitivismen og no også konstruktivismen.

Konstruktivismen handlar om å konstruere sin eigen verson av kunnskap, ein kan ikkje stå som lærar og overføre kunnskap til elevane sine. Dei må finne han sjølv! Dermed blir fokuset i undervisninga på eleven sin læring, og ikkje på korleis læraren framstiller stoffet. Eleven lærer ved sjølv å prøve og feile. Gode konstruktivistiske arbeidsmetodar kan vere prosjektarbeid, problemorientert læring eller generelt induktiv læring, der elevane sjølve får prøve seg fram til eit svar utan å bli gitt ein oppskrift. Det er nettopp ei slik økt eg sitter og sliter med å skrive om når eg skal skrive eksamensoppgåva mi i pedagogikk. I praksis gjennomførte vi ei økt i undersøkingslandskap i matematikk i klassen vår. Her fekk elevane jobbe fritt utan å få noen algoritme dei skulle bruke for å komme fram til svaret. Dei fekk utforske sjølve, og me som lærarar sto i bakgrunnen og retteleia dei. Eg trur ikkje alle fekk like mye ut av denne økta, men det kan vere på grunn av manglar ved gjennomføringa, samt at noen av elevane var på lågare nivå enn dei andre. Men eg håper at det tar lang tid før dei glømmer korleis dei reknar med valuta, no som dei har funne sin eigen metode.

Samtidig fekk òg eg mye ut av denne økta. Eg kan ikkje tenke meg korleis det ville gått med skivinga til eksamensoppgåva hadde eg ikkje hatt eit konkret døme å gå ut i frå. Ein kan lese så mye ein vil omkring undersøkingslandskap, men eg hadde hatt vanskeleg for å skrive ei heil side om eg berre skulle ha lese om det. Etter å ha fått testa det ut i praksis har eg mange tankar og erfaringar eg kan basere skrivinga mi på, noe eg ikkje ville hatt elles.

No er det ein ting eg ikkje går heilt med på med tanke på Piaget sin teori i kring det å konstruere sin eigen læring, og det er tanken på at læring skal vere individuell. Vel kan det fungere bra å sitte for seg sjølv og lære ved å prøve for seg sjølv, men ein kan ikkje utelukke effekten samfunnet rundt oss har på læring. Vygotsky med sin sosiokulturelle teori fortsett der Piaget slepp rundt enkeltindividet, og dreg òg inn læring i sosial samanheng. I følgje Imsen i ”Elevens verden”2008, lev barn i eit sosialt fellesskap der kultur og språk spiller ein stor rolle på utviklinga deira. Og er ikkje dette sant? Kunnskap handlar ikkje berre om kor Australia ligg, eller kor mange som sitt på Stortinget. Det handlar òg om å vite korleis ein skal oppføre seg, og korleis ein må gå fram for å komme seg på neste buss til byen. Eg vil seie at slike ting er ting ein lærer frå dei i kring seg, kanskje med individuell utforsking, men òg ved å følgje dei nærmaste i kvardagen. Samarbeid var òg ein viktig del av opplegget vårt med undersøkingslandskapet i praksis. Elevane fekk sitte i grupper, og saman skulle dei komme fram til ein god måte å løyse oppgåva på. I mi gruppe var det stort sett ein elev som dominerte, men heilt fritt for samarbeid var det ikkje. Slik fekk elevane lære av kvarandre.

Konstruktivismen har mange gode poeng, men ein kan ikkje sjå heilt bort i frå at me konstant er i samhandling med andre folk.

lørdag 8. november 2008

Kognitive strategiar for læring

Denne uka har me hatt om kognitive strategiar for læring i pedagogikken, noe som har vere veldig interessant. Den kognitive tenkinga går nettopp på tenking, dei indre tankeprosessane og korleis ein lærer og hugsar. I ”Elevens verden”, av Gunn Imsen står dette treffande biletet på elevane:

”Eleven er som en plante – bare du gir riktig næring, vekstmuligheter og omsorg, vokser den av seg selv. Men ikke alle planter trenger samme slags næring, og da må stimuleringen og vekstforholdene tilpasses de spesielle behovene.” (Gunn Imsen, ”Elvens verden” side 205)

Det kan ikkje vere lett å vere lærar når kvar enkelt elev har sin særskilte måte å lære på. Som lærar må ein vere oppmerksam på kva kvar einskild elev treng av stimulans og tilrettelegging. Dersom alle hadde hatt metakognitiv innsikt hadde arbeidet vore enklare, men spesielt i dei lågare klassene treng elevane inspirasjon og hjelp til å lære. Fram til no har informasjonen om modeller for læring òg vore for dårleg for elever på høgare klassetrinn. I løpet av alle åra eg gjekk på skulen, frå grunnskulen til siste året på vidaregåande, har eg så vidt eg minnes berre hatt ein time om strategiar for læring. Dessverre trur eg ikkje det kan ha vore ein god time, ettersom eg ikkje hugsar kva me lærte. Men nå har eg aldri hatt ein særskilt god studieteknikk, eg har støtta meg på pugging og skippertak som så mange andre. Dermed opplev eg òg at det meste eg har lest på er gøymt så snart prøva er over. Kanskje har eg ein svært dårleg langtidshukommelse (ein skal ikkje sjå bort i frå det), eller så har eg fått for lite opplæring i å lære i forhold til det eg føler alle har krav på. Som elev får ein stadig meir ansvar for eigen læring, og da er det viktig at ein også lærer korleis han kan få best mogleg utbytte av lesinga. Her kjem læraren sitt ansvar inn.

Som lærar er det fleire ting ein kan gjere for at eleven skal få eit godt utbytte av læringa. Han må vere nøye på at eleven forstår det han skal lære. Eleven vil ikkje lære noe som helst dersom han ikkje forstår orda og omgrepa som blir brukt. Han må klare å sjå samanhengen med kunnskap han allereie har tilegna seg, ting er lettare å hugse dersom ein kan utvikle noe ein kan frå før. Dette gjer at eleven får strukturert kunnskapen sin, og han kan få repetert ting han allereie har lært. Ein lærar må òg passe på at stoffet gir meining for eleven, og han må forstå kvifor han skal lære akkurat det. Eg er ganske sikker på at interesse har mye å seie for kor godt du lærer noe. Er du ikkje interessert i lærestoffet i det heile tatt, må det mye pugging, lesing og slit til før det set seg. Det er i alle fall slik eg har erfart det. Mens områder eg interesserer meg for sett seg med ein gong.

Det beste ein lærar kan gjere for elevane sine er kanskje å informere om forskjellige teknikkar for læring, lære dei å lære best mogleg. I klassen har me diskutert fleire dømer på korleis folk lærer best. Noen puggar seg til kunnskap, for andre hjelper det å ha musikk på og andre igjen bruker mye teikningar og tankekart. Eit døme på ein god teknikk var ein me lærte i ein av timane. Me skulle lære oss alle dei 14 største landa i verden, i rekkefølgje, i løpet av ti minutt. Hjelp, tenkte eg først, men så fekk me presentert metoden me skulle bruke. Og tenkte seg til, etter ti minutt satt rekkefølgja som støypt. Berre ved å lage seg ein eigen historie som ein visualiserer for seg sjølv, vart alt mye enklare. Ein laga seg eit bilete på kvart land, noe ein forbant med namnet eller landet, dermed vart desse bileta plassert på bestemte punkter på ein reise frå ein stad til ein annan. Dette kunne vere å gå frå rom til rom i et hus, eller reisa til skulen. Ein heilt enkel oppgåve gjør at eg no kan alle de 14 største (?) landa i verden på rams, noe eg ikkje trur eg hadde klart ved å pugge i ti minutt. Dette viser at det ikkje alltid er mye som skal til, og ved hjelp av slike metodar blir lesing og læring mest ein leik. Elever bør få lære seg slike metodar tidleg, slik vil dei vere betre rusta til å takle ansvar for eiga læring. Men da er det viktig at ein lærer fleire metodar, ein metode fungerer ikkje for alle. Eg kan til døme ikkje konsentrere meg viss noen spiller musikk når eg skal lese, mens andre hugsar ting betre da. Eg trur det viktigaste er at elevane blir gjort oppmerksame på at slike strategiar finnes, og at dei får ei innføring i samanhengen med stoff dei allereie kan før dei lærer noe nytt. Da får dei god oversikt og struktur over arbeidet sitt.

Historia eg laga meg i pedagogikken:
Eg blir vekt av ein russ frå Russland. I gangen står Geoff frå Canada, mens på kjøkkenet står Michelle frå USA. Så ringer det på døra, og der står Silje frå Kina. I trappa møter eg Marianne som har vore i Brasil. Utanfor blokka møter eg ein kenguru frå Australia som sloss med ein indianar frå India. Indianaren er sint og roper ”Arrrg” for Argentina. Deretter kjem eg i kass a på Ica, Kasakhstan, der eg møter ein sultan frå Sudan. Vidare går eg forbi eit grønt vant for Algerie, der Kongen (Kongo) sitt i en båt i saman med Aragorn frå Ringenes Herre (New Zealand). Begge sitt og et taco frå Mexico!