fredag 17. oktober 2008

Behaviorismen

.. er vel ein teori eg faktisk har litt trua på. Eg er ikkje einig i måtane dei tradisjonelle behavioristane har brukt for å bekrefte sin teori, med tanke på forsøk på dyr og menneske. Synet på menneske som eit objekt som kan formast nesten utan grenser er eg heller ikkje einig i. Men ein kan vanskeleg argumentere for at teorien om straff og løning ikkje fungerer godt. Dette er ein læremetode eg vil påstå dei fleste bruker enten på sine eigne barn, på sine elever eller òg til døme på kjærasten som me har fått høyre om i klassa. Når det gjeld straff og løning i eit klasserom kan dette vere eit middel for å skape motivasjon og til å halde styr på klassen. Eg veit med meg sjølv at eg arbeider betre dersom eg veit eg får noe igjen for strevet enn dersom eg ikkje gjer det. Eit kjent døme på løning og straff er karakterar, i mindre klassetrinn kan løning vere stjerner, ein ekstra morosam time eller å få med seg melding heim som straff. Kva form av løning og straff kan variere frå skule til skule, og det er òg personleg kva ein ser på som straff og løning. Noe som fungerer på ein person fungerer kanskje ikkje på ein annen. Til døme er det ikkje alle elever som bryr seg om karakterar, og å true med dårleg snitt vil ikkje hjelpe på desse elevane.

No er det vel bevist at løning fungerer betre enn straff. Me har fått høyre at straff kan skapa frykt for læraren og motstand mot skulen, og eg meiner sjølv at ein lærar må vere forsiktig med kva type straff han brukar. Eg har høyrt om ein skule som har prøvd ut noe eg trur er eit nytt prosjekt, der straff og kjeft skulle bli brukt minst mogleg. På denne skulen skulle elevane få ros dersom dei gjorde noe bra og det vart òg delt ut kort som dei etter kvart kunne bytte inn i ein løning. Dersom dei gjorde noe galt skulle dei ikkje bli kjefta på, men heller bli snakka pent til, og få forklart at det fanst andre måtar å løyse saka på. Her har dei strekt seg langt i trua på at løning er betre enn straff og at elevane lystrar løning betre. Denne skulen unngår klart å skapa frykt for skulen og lærarane ved å unngå straff. No veit eg ikkje korleis dette fungerer i praksis, men eg veit at ikkje alle lærarane var like einige i at elevane skulle ”dulles” med. Eg trur heller ikkje at dei har vondt av straff så lenge den er rettferdig og ikkje skader eller skremmer eleven på noen måte. Elevane må få vite at det følgjer konsekvensar av å gjere noe galt. Men då må ein også vere konsekvent på å følgje opp dersom dei gjer noe galt, elles vil elevane lære at det ikkje er så farleg, det skjer ikkje noe likevel.

Til slutt vil eg innom Bandura sin teori om sosial-kognitiv læring. Han har òg eit behavioristisk startpunkt, men har utviklet denne teorien med ikkje å berre sjå på den ytre responsen på straff og løning, men òg den indre oppfatninga som forventningar og hukommelse. Han meiner at me ikkje berre lærer av våre eigne erfaringar, men òg av å sjå på kva andre oppnår med det dei gjer. Ein elev kan lære mye av å observere andre, huske kva dei gjer og å imitere dei. Til døme kan ein elev ved prosjektarbeid huske tilbake på kva grupper som fekk gode karakterar ved sist prosjekt og ta det med i sitt eiga arbeid. Det skaper motivasjon i den forstand at eleven forventar betre karakter, på lik linje som dei andre elevane fekk på sitt prosjektarbeid. Dette er noe eg sjølv har erfart frå mi eiga tid på skulen, og Bandura sin teori er noe eg trur er ein del av mitt eiga pedagogiske grunnsyn. I denne modellen ligg og viktigskapen i det å vere ein god rollemodell, elevane ser på til døme kvarandre og på lærarane, og gjer som dei. Det vil seie at ein lærar alltid må oppføre seg slik han vil at elevane skal oppføre seg. Ved å vere ein god rollemodell kan ein bidra til å vidareføre gode verdiar og god oppførsel.

Som ein liten oppsummering vil eg seie at eg er for straff og løning, så lenge begge deler er rettferdig, og straffa må ikkje vere skremmande. Men straffa skal likevel utgjere eit tap for eleven, noe som skal bidra til motivasjon for ikkje å gjere det same igjen. Løning kan vere ein god motivasjon for å gjere noe bra, og eg trur ein kan lære av både å få løning sjølv, men òg å sjå andre få det.

fredag 10. oktober 2008

Lærarmakt

Etter den eine pedagogikktimen denne uka begynte eg å tenke på dette med læraren sin makt. Som lærar får du så og si automatisk stor makt over elevane dine på fleire områder. For kven er det som legg opp undervisninga og som styrer kva dei skal lære? Innan visse grenser sjølvsagt, for rammene for kva elevane skal lære er jo allereie lagt opp i læreplanen. Men læraren styrer hovudinnhaldet for kvar time og korleis undervisninga skal skje. Dette gir læraren stor makt over livet til elevane, både når det gjeld kunnskapen dei tilegner seg, og om elevane trives på skulen. Undervisninga må vere interessant for elevane slik at dei ynskjer å lære. Allereie på barneskulen blir grunnlaget for all kunnskap lagt, og elever som ikkje liker seg på skulen kan bli hengande etter kunnskapsmessig, noe som kan vere vanskelig å hente inn igjen seinare, og som kan få konsekvensar så langt opp som i val av vidaregåande og arbeidsmoglegskapar. Satt endå meir på spissen kan lærarar i teorien lære bort så og si kva som helst, og ting som ikkje er sanne. Elevane stoler på at læraren veit kva han snakkar om, og ikkje alle sett spørsmålsteikn ved det han seier.

I tillegg er læraren ein viktig vaksenfigur i liva til elevane. Me høyrer jo alltid at lærarane er dei som kanskje ser barna mest i løpet av dagen, og dei fleste elevar oppretter eit nært band til læraren sin. Dette gjeld spesielt i barneskuleåra, men også høgare opp i skulesystemet har du lærarar som har nære relasjonar med elevane sine. Ein viktig eigenskap hos ein lærar er å kunne sette seg inn i elevanes situasjon, og å vise omsorg for dei. Dette fører til at elevane kan få stor tillitt til læraren, noe som både kan vere bra og farlig. Elevar som har eit godt forhold til læraren sin kan føle seg trygg, og det er med på å skape trivsel på skulen. Men det er og mulig for læraren å utnytte denne tilliten, me høyrer jo om lærarar som har gått langt over grensa i forhold til elevane sine til døme i seksuell samanheng. Filmen ”the wave” vart så vidt diskutert i klassa denne uka, og viser òg kor stor makt ein lærar kan få. Den handlar om ein lærar som sett i gang eit prosjekt for å vise elevane at Hitler sin makt over til døme Hitler-jügend var mogleg. Nesten heile klassen føljer læraren som ein diktator til slutt. Heldigvis viser denne filmen ein ekstrem situasjon som forhåpentlegvis ikkje skjer i skulen i dag. Men eg meiner at ein lærar med dei rette eigenskapane kan misbruke lærar - elev forholdet på ein tilsvarande måte.

Ein lærar kan misbruke sin posisjon gjennom tillitt, men òg ved ikkje å vise omsorg for elevane sine. Eg vil påstå at det å ikkje bry seg og å vere likegyldig òg er å misbruke makta si. Noen lærarar kan vere direkte ekle og noen mobbar elevane, noe som kan øydelegge store deler av oppveksten deira. Elevane trenger ein lærar som ser kvar enkelt av dei som individ, han må kjenne alle i klassen og det er viktig for dei å bli oppmuntra og motivert. Dersom dei ikkje har ein lærar som dekker desse forventningane, som er uengasjert og likegyldig, kan det skape misstemning. Det igjen kan føre til eit dårlig læringsmiljø, elevane føler ikkje at dei vil vere på skulen, og motivasjonen forsvinner. I eit dårleg læringsmiljø vil heller ikkje elevane få fullt utbytte av undervisninga, det blir fort meir læring en undervisning. Som Inge Eidsvåg har sagt: ”Den uengasjerte lærer er en tragedie for alle – også for seg selv”

Men ein lærar må òg utvise makt i forbindelse med det å vere ein klar leiar, noe som er nødvendig i eit klasserom. I den forstand er makt noe positivt, så lenge den blir nytta på rett måte. Heldigvis er det ikkje mange lærarar som misbrukar makta han har på denne måten, ein person som ville gjort det høyrer ikkje heime i skulen. Desse døma er ekstreme, men eg meiner dei er moglege.

fredag 3. oktober 2008

Noen tanker rundt det å planlegge undervisning.

Er det ein ting eg har forstått om det å planlegge undervisning, er det at undervisninga sjeldan blir som ein vil ha det. Det er mange faktorar å ta omsyn til både i sjølve planlegginga og i gjennomføringa av ei økt. Men å forberede seg til timane er viktig, eg merkar sjølv at eg er mye rolegare og sikrare på meg sjølv dei gongene eg er godt forberedt, uansett i kva samanheng. Det er viktig for ein god lærar å vere godt forberedt, men samtidig må ein vere open for uventa hendingar, og klar for å måtte improvisere. Kanskje mister du rommet du skulle bruke, du må følgje ein elev til helsesøster, eller teknikken fungerer ikkje. Då må du vere i stand til å forandre planane dine på ståande fot.

I undervisningsplanlegginga har me hovudsaklig tre modellar å gå etter, to forenkla mål-middel modellar og den didaktiske relasjonsmodellen – ”diamanten”. Eg synes vel diamanten er ein god modell i startfasen da ein kanskje ikkje husker alle faktorane ein må ta omsyn til. I diamanten kjem faktorane godt til syne, og du har eit oversiktelig utgangspunkt. Her henger alle områda samen i eit nettverk der ingen kjem først, alle er like viktige. I tillegg kan ein sjå at eit val avgrensar dei andre områdane og at ein forandring får konsekvensar for resten av planlegginga. For eksempel kan rammefaktorar vere utslagsgivande med tanke på arbeidsmåtar, innhaldet i undervisninga er avhengig av måla osv.

Ein må og tenke på at alle desse faktorane er i forandring og utvikling, ein kan ikkje legge opp det same opplegget for fleire klasser år etter år. Her speler spesielt kvar enkelt elev inn med tanke på korleis ein legg opp undervisninga. Kanskje må ein legge opp undervisninga i fleire økter eller ein må dele opp klassen forskjellig. Enkelte elever arbeider best i grupper, mens andre igjen klarer seg best aleine. Skal ein ha deduktiv undervisning, altså ein meir lærerstyrt form, eller induktiv undervisning der ein lar elevane undersøke og oppdage på eigenhand? Ein må tenke på at kvar enkelt elev skal få best mulig utbytte av undervisninga, sjølv om det kan vere vanskelig å kjøre tilpassa opplæring heile tida. Læreføresetnadane er forskjellige hos kvar enkelt elev og dei må tas i betraktning når ein planlegg.

Det er viktig å vere forberedt til kvar enkelt time, men like viktig er det vel å ha ein skikkelig halvårsplan/årsplan. Her kan alle få god oversikt over kva tema som kjem når, ikkje bare lærarane, men også elevane og foreldre. Ikkje minst er det då mye enklare for ein vikar å ta over undervisninga dersom ein har ein klar plan som viser kor langt klassen har kome.

Til slutt vil eg berre kommentere ein gong til at det er stor forskjell i teori og praksis. Ein kan planlegge alt til minste detalj, men mest sannsynleg vil det på et eller anna tidspunkt skjera seg. Da må ein til å improvisere! I tillegg må ein tenke på at ein skal ha tid til å planlegge kvar dag òg, noe eg tvile på kan vere veldig lett. Noen gonger må ein ta ting på sparket, men da må ein vere forberedt til det òg!