torsdag 25. september 2008

Mitt pedagogiske grunnsyn

Denne uka har me hatt om pedagogisk grunnsyn på skulen. Til tross for mye lesing er dette framleis eit tema eg synes er vanskeleg både å forstå og å sette i system. Et pedagogisk grunnsyn er visstnok filosofien som ligg til grunn for dei bevisste og ubevisste handlingane du gjer i forhold til pedagogiske områder i livet, til døme undervisning. Det pedagogiske grunnsynet blir påverka av samfunnet rundt oss, om me er bevisste på det eller ikkje. Til døme blir me påverka av oppvekst, kva religion eller livssyn me tilhører og kor me står politisk. Det går mye på kva oppfatningar me sjølve har av kva god undervisning er, kva me sjølve likar og korleis me lærer. Dessverre er det visst ikkje alltid like enkelt å forklare sitt eiga grunnsyn ettersom mye av det ikkje er bevisst, det er ikkje alle områder me tenker over sjølve.

To ytterpunkt av pedagogisk grunnsyn er tradisjonalisme (kultursentrert retning) og progressivisme (barnesentrert retning). Platon og Aristoteles la basisen for den tradisjonalistske retninga i antikken, mens Rousseau og Dewey er kjente påverkare av progressivismen. Før eg begynner å forklare litt om dei to retningane vil eg påpeke at begge desse er to klare ytterpunkt og at dei vanlegaste grunnsyna i dag ligg eit sted i mellom desse, noe eg trur eg gjer sjølv og.

Tradisjonalismen har hovudfokuset på noe i læresituasjonen, altså innhaldet av undervisninga, mens progressivismen legg vekta på noen, det vil seie elevane. Tradisjonalistane meiner at undervisninga skal baserast på at læraren er ein formidlar som overfører kunnskap til ”tomme” barnehjernar, og elevane må pugge for så å gjenta stoffet læraren legg fram. Disiplin settes høgt, og målet med undervisninga er å gjere elevane klare for sine oppgåver i samfunnet.

I progressivismen blir læraren ein rettleiar og motivator som skal hjelpe eleven til å finne sin egen kunnskap gjennom dialog. Elevane skal sjølve ut og oppdage og utforske, noe Rousseau var spesielt oppteken av. Han meinte samfunnet forderva barna, og at dei burde tas vekk i frå samfunnet dei første åra slik at dei fekk utvikle seg fritt. I 15 års alderen var dei klare til å begynne å studere, samtidig som han oppfordra til å ut i verden for å sjå og lære på eiga vis.

Det er den tradisjonalistiske retninga som har stått sterkast i skolesituasjonen i Noreg gjennom tusenvis av år. På 80- og 90 talet gjennomgikk derimot skulen i Noreg ein slags revolusjon, og ansvar for eiga læring vart eit sentralt punkt i den nye læreplanen. Elevane skulle vere aktive og sjølvstendige, mens læraren vart redusert til ein rettleiar. Grunnsynet vart meir retta mot den progressive retninga. Men etter dei nye internasjonale undersøkingane viste Noreg gjennomsnittleg dårlegare kunnskapar enn mange av dei andre landa. Dermed vart kunnskapsløftet satt i gong, og dette legg større vekt på kva elevane skal kunne, mens metodane brukt for å oppnå denne kunnskapen er meir opp til lærarane. Me har fått ein mellomting mellom tradisjonalismen og progressivismen, og eg synes det verker som eit betre system no enn før. Berre pugging gjer ingen godt, og for frie rammer er heller ingen fordel. Kvar enkelt lærar kan legge opp undervisninga slik han føler passer for elevane og seg sjølv. Eg trur ikkje elevane kan få eineansvaret for si eiga læring, dei treng ein lærar som kan legge opp opplegget, men han må og ta omsyn til korleis elevane lærer best.

Som utgangspunkt for pedagogisk grunnsyn finn me og nokre psykologiske retningar, til døme behaviorismen, psykoanalysen, humanistisk psykologi og økologisk/systemperspektiv. Eg trur eg sjølv heller litt mot behaviorismen med tanke på straff og løning. Å bruke straff og løning har eg erfart kan vere effektivt, sjølv om eg ikkje er for dei metodane behavioristane brukte. Eg kan heller ikkje heilt kjenne igjen synet på mennesket som eit objekt som formast av miljøet rundt oss. Sjølv om dei påstår synet på mennesket er positivt ettersom det argumenterer med at alle kan lære alt, verkar det på meg noe negativt.

Eg meiner og at den humanistiske psykologien har mange gode områder, og eit positivt syn på mennesket som seier at me er fødde frie og gode med ein trong til sjølvrealisering. Det at menneska har muligheit til å vere med å forme sitt eige liv dersom dei får moglegskapen er noe eg trur på. Den psykoanalytiske retninga og økologisk/systemperspektivet er to områder eg ikkje er heilt sikker på enda, eg må sette meg betre inn i desse før eg kan sei noe meir om dei. Generelt er det vanskelig å skulle legge fram mitt pedagogiske grunnsyn etter den litle tida me har hatt på skulen. Forhåpentlegvis er dette noe eg lærer å tenke over etter kvart, slik at eg har eit godt svar til eksamen i andre klasse!

fredag 12. september 2008

Intervju og praksis

I går gjennomførte praksisgruppa mi to separate intervju av to elever i sjuande klasse på forskjellige skuler. Me må vel innrømme at det ikkje gjekk så bra som me håpte på. Erfaringa me fekk var at nivået i sjuande klasse ikkje var like høgt som me trudde. Begge to sleit like mye med oppgåvene dei fekk. Men så var det heller ingen gunstig situasjon å sette eleven i. Det var tydelig at ho me intervjua var veldig stressa. Me satt i eit stille grupperom og såg på at ho skulle gjere oppgåvene så godt som mulig sjølv. Eg trur eg hadde slitt sjølv skulle eg ha gjort desse oppgåvene i same situasjonen. Men me fekk likevel prøvd oss som ”mattehjelp” og lærte nok litt om korleis ein lærar ikkje skal opptre. At me berre satt der og såg på det ho gjorde, førte tydeligvis til at ho fekk prestasjonsangst. Dermed lærte me at det kanskje ligg noe i det som blir sagt på skulen; ein lærar bør gjere oppgåvene med elevane sine. Han kan ikkje berre sitte og sjå på det dei gjer, og han kan heller ikkje drive med sine eigne ting.

Neste uke skal me ut i praksis. Eg håper eg kan ta med meg erfaringar eg gjorde under intervjuet og over i observeringsprosessen. Og at eg vil få nokre tips til korleis me heller kunne gjennomført intervjuet. Eg er spent på korleis skulen er i dag i forhold til da eg gjekk på skulen. Korleis timane er lagt opp, og kor variert undervisninga er. Eg forventar vel eigentleg at skulen skal vere meir variert no enn då eg var elev. At lærarane er flinkare til å veksle mellom ulike undervisningsformer, at det er fleire undervisningsrelaterte utflukter og at skulen er betre utstyrt. Men så er det vel fleire faktorar med på å påverke muligheitene dei forskjellige skulene har. Innstillinga til både lærarar og styre, om skulen er bygd for varierte arbeidsformer, økonomi og omgivelser er vel bare noe av det som er med på å avgjere kor variert ein skuledag blir. Skulen me skal på er visst ein gammal skule, så det blir spennande å sjå korleis dei har utvikla seg i forhold til nyare skuler. Kva ressursar dei har og korleis dei nyttar ressursane sine. Til slutt gler eg meg til å ut i skulen med nye auge, sjå elevane og lærarane frå eit anna hold. Kanskje får eg eit anna bilde på kva for ein lærar eg vil bli.

tirsdag 2. september 2008

Kvifor eg vil bli lærar.

Oppgåva til bloggen denne veka består av to spørsmål; kvifor vil du bli lærar, og korleis ser du læraren sine mange oppgåver? Begge av desse spørsmåla krev mykje tankeverksemd for min del. Heldigvis er det ikkje stort anna eg har tenkt på dei siste to vekene. Det mest naturlege er vel kanskje å begynne med det fyrste spørsmålet, kvifor eg vil bli lærar.

Det er verkeleg eit godt spørsmål som eg har stilt meg sjølv mange gonger. For ikkje å gløyme alle andre som har lurt på det same. Enkelte har påstått at det ikkje er verdt å vere lærar, dei får så dårleg lønn. ”Det er ingen som liker lærarar”, får eg høyre frå andre. Eg må jo innrømme at eg har tenkt desse tankane sjølv og, men likevel har det alltid vore ein reell moglegheit for meg. For eg kan ikkje komme på nokon som har gjort et så varig inntrykk på meg som lærarane eg hadde i barneåra. Eg var lenge usikker på kva eg ville utdanna meg til, men tilslutt bestemte eg meg for at eg berre måtte velja. Og sia tanken om læraryrket hadde heimsøkt meg frå eg gjekk på barneskulen, fant eg ut at det var ein god plass å begynne.

Kva som fristar mest med å bli lærar veit eg eigentleg ikkje, kanskje bortsett frå mange feriedagar sjølvsagt, men eg har alltid vore glad i barn og sett for meg eit yrke relatert til barn og unge. I tillegg har eg som sagt blitt inspirert av lærarane eg sjølv hadde da eg var barn. Både på godt og vondt, men begge deler har gjort meg innstilt på å bli ein god lærar. Eg husker med gru dei dårlege lærarane eg har hatt, og det er på grunn av dei eg brenn for å gjere ein god innsats når eg skal ut i skulen. I tillegg har eg leita lenge etter eit artig og variert yrke, og ein kan vel godt si læraryrket går under den nemninga.

Det at læraryrket er eit variert yrke kan ein vel grunngi med det neste spørsmålet i oppgåva. Korleis ser du læraren sine mange oppgåver? Da er det vel berre å begynne oppsummeringa etter tysdagens timar i pedagogikk. Fyrst og fremst skal jo ein lærar vere nettopp ein lærar. Han er der for å læra elevane sine det han kan, ikkje nødvendigvis berre faglig, men og om sine egne erfaringar i livet utanfor skulen. Dermed kjem me til neste punkt, ein lærar skal vere ein rollemodell og ein del av oppdragninga til barna. Læraren blir ein slags assistent til foreldra, og på skulen skal dei opptre nett som ein reserveforelder. Gjennom skulen skal elevane lære blant anna folkeskikk, samarbeid og sjølvstende slik at dei er førebudde på å bli ein del av samfunnet. I tillegg vil læraren bli sett på som ein omsorgsperson som skal vere med på å ta vare på kvart enkelt barn, og sørgje for at alle blir sett.

Planlegging er og ein stor del av lærarens kvardag. Etter kunnskapsløftet 2006, tar læraren igjen ein større del av planlegging av sin eigen undervisning. Læreplanen er meir open om kva undervisninga skal bestå av, dette er no meir opp til kvar enkelt lærar og skule. I tillegg har kvar elev krav på tilpassa undervisning, noe som igjen setter større krav til at ein lærar er flink til å planlegge heile år, ukar og dagar. I samanheng med desse planane kjem også IOP-rapporten. Nå skal ein rapportere korleis undervisninga har gått, og om ting har gått etter planen eller kva som gikk galt. Ein lærar må og vere med på å utvikle seg i takt endringane i samfunnet.

Til slutt vil eg ta med at ein lærer må være flink til å samarbeide, ikkje bare med kollegane, og med elevane, foreldra og andre tenester knytt opp mot skulen. Dei skal vere i stand til å registrere om noe er galt på skulen eller i heima, og dermed samarbeide med andre instansar for å gjere noe med det. Han må og vere ein god administrator for klassen blant anna med tanke på fråvær og vurdering. Men det å vere ein god leiar er vel kanskje ein av dei viktigaste oppgåvene ein lærar har. Eg må si eg gler meg!